NRK Meny
Normal

Motorsyklist alvorleg skadd i utforkøyring

Føraren av ein motorsykkel vart alvorleg skadd, då han køyrde av vegen i nærleiken av Bersagel i Sandnes.

Motorsykkelulykke ved Bersagel

Føraren vart frakta frå ulukkesstaden i luftambulanse.

Foto: Ronny Hjertås

Politiet fekk melding kl. 18:33 laurdag kveld om at ein motorsykkel hadde køyrt av vegen i krysset ved Sletten på Bersagelvegen.

Alle naudetatar rykka ut til staden.

– Han har køyrt av vegen og inn i autovernet rett etter ein 90 graders sving. Men me veit ikkje kva som er årsaka til det, seier operasjonsleiar Kjetil Føyen.

Føraren vart frakta frå staden i luftambulanse.

Kl. 09:00 i dag melder Stavanger universitetssjukehus at tilstanden til den 41 år gamle mannen er alvorleg, men stabil.