Motorsportsuksess for Rogaland

Daniel Holten, frå Vikedal, vann sin første NM-runde nokon sinne i rallycross. Ernst Holten Leifsen vart nummer fem.

NM rallycross

Tommy Tesdal (t-v), Daniel Holten og Alexander Hvaal

Foto: Rune Johannesen

Mens Pål Varhaug, frå Ålgård, gjer det stort i Barcelona , vinn ein annan Rogalending NM i rallycross i Kristiansand.

Holten trudde ikkje at han skulle vinna debutløpet sitt på lardag, men han visste at det var mogleg.

- Eg var nøgd med å i det heile tatt koma til finalen, seier Holten til NRK.

– Kvifor gjer Rogalendingar der så godt i motorsport?

Det er eit godt miljø i Rogaland for både det eg driv med, og det Pål Varhaug driv med. For min del har eg eit særs godt miljø rundt motorbanen i Vikedal, som nå har vore der i 20 år.

Sjølv er vinnaren av den første, av fem NM-rundar i rallycross, berre 18 år.