Hopp til innhold

Møter seg sjølv i døra med openheitskrav

Høgre og Arbeidarpartiet må seie klart frå om dei vil halda fram samarbeidet i Eigersund etter valet, krev Solveig Ege Tengesdal frå KrF. Men kven hennar eige parti vil samarbeida med i Fylkestinget, har ho ikkje noko godt svar på.

Solveig Ege Tengesdal

KRITISK: ... men sjølv er ho ikkje open om kven KrF vil samarbeida med.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Valglogo

– Me fryktar at det blir ein tilsvarande avtale i neste perioden. Det vil vera synd, ikkje berre for KrF, men også for andre parti. Ein storkoalisjon med så store parti som Ap og Høgre gjer at det er krevjande å driva opposisjonspolitikk, seier Ege Tengesdal.

– Lenge til valet

Dagens avtale, der Høgre fekk ordføraren, kom til etter at sentrum – med Solveig Ege Tengesdal frå KrF i spissen – trudde dei hadde vunne valet. Dei vart erklærte som den store vinnaren, og Ege Tengesdal hadde allereie vore på mindre oppdrag i god tru om at ho var den neste ordføraren.

Leif Erik Egaas

HAR INGEN KOMMENTAR: Ordførar i Eigersund, Leif Erik Egaas (H).

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Men Høgre og Arbeidarpartiet ville det annleis, og Leif Erik Egaas frå Høgre vart ordførar. Egaas har ingen kommentar til om dei vil gå for å halda fram samarbeidet etter dette valet.

– Det er ei stund til valet, så me ventar til det, seier Egaas.

Ved årets val har Ege Tengesdal bytta ut å vera ordførarkandidat i Eigersund med å vera KrF sin fylkesordførarkandidat.

– Eg syns det er veldig viktig at me er tydelege på kva me står for som parti når me går inn i eit val. Det er klart folk blir frustrerte viss dei ikkje veit kven dei skal forholda seg til når det gjeld politisk farge eller retning.

Slit med svar på eige krav

Men når NRK spør om kven KrF vil samarbeida med på Fylkestinget, slit fylkesordførarkandidaten med å ha konkrete svar.

– Meiner du også at fylkespolitikarane bør seia klart ifrå kven dei vil samarbeida med før valet?

– Mi uttale er basert på min erfaring frå lokalpolitikken i Eigersund, og der var det veldig overraskande for mange.at to så store parti, og to så forskjellige parti fann kvarandre etter valet.

– Men kva med fylket, kor klar vil du vera på kven KrF skal samarbeide med?

– Me har samarbeidd med Høgre og Framstegspartiet, og det er eit samarbeid me har sagt me vil sjå på etter valet. Men me har samstundes sagt at me i utgangspunktet er i sentrum, så me er også opne for andre moglegheiter. Det trur eg eigentleg dei fleste parti er no i starten av valkampen.

– Men er det ikkje like viktig på fylkesplan som lokalt at ein får vita kven som vil samarbeida med kven?

– Jo, eg trur veldig mange spør etter det, og me blir utfordra på det jamleg. Men eg har nok tenkt litt spesielt på Ap og Høgre, som er så store parti, og på mange måtar står fram som motpolar, sånn at eg trur at dei som store parti har ein større utfordring med å vera tydelege i framkant av valet.