Hopp til innhold

– Han var eit mobbeoffer

Mora til Jonny Risvik, 28-åringen som i fjor sommar blei torturert til døde, fortalte tysdag om sonen sin i retten. – Jonny var ein glad og snill gut med mykje motgang i livet forklarte ho til bistandsadvokat Kari Idsøe.

Jonny Andre Risvik

Jonny Andre Risvik blei av foreldra framstilt som ein som trudde godt om alle folk, og som lett lot seg leia.

Foto: Privat

– Då Jonny gjekk i fjerde klasse forstod me at han blei mobba. Me ville ta dette opp med skulen, men det ville ikkje Jonny i frykt for at det skulle føra til meir mobbing, fortalte ei rørt mor om sin avdøde son i Stavanger tingrett tysdag.

– Han trudde godt om alle

Både ho og faren teikna eit bilete av sonen sin som ein glad og snill gut, med mykje motgang i livet. Mobbinga gjorde at han gret om kveldane inne på rommet sitt.

– Trass i at han blei mobba mykje på skulen trudde han godt om alle og tok sjeldan igjen, han var ein person som det var lett å leia, sa ho.

Ho såg sonen sin siste gong i slutten av mai i fjor, og hadde kontakt med han på facebook siste gong 8. august.

– Eg bad han om å halda seg vekke

Det var berre fem dagar før Jonny Risvik blei eklært død. Før det opplevde han å bli brannmerka, slått, skålda, sparka, skoten og tråkka på.

Dette skjedde i bustaden til Jonny Risvik på Kampen i Stavanger. Nå går rettssaka mot seks personar som er tiltalte for å stå bak mishandlinga.

Siste gong mora var i kontakt med sonen sin skal han ha sagt at han ville flytta frå huset han budde i på Kampen i Stavanger. Her budde han saman med to av dei tiltalte og det var i dette huset han blei mishandla til døde.

– Han hadde fortalt meg om dei tiltalte som venar av han. Eg bad han om å halda seg vekke frå dei, det sonen min har gått gjennom er tortur, sa mora i retten.

Hovudtiltalte hadde barn med søstera

Den eine tiltalte, 26-åringen som blir sett på som den hovudtiltalte, har også relasjonar til søstera til Jonny Andre Risvik. Ho snakka også i retten tysdag. Saman med 26-åringen har ho eit barn.

I retten fortalte ho at 26-åringen også hadde vore valdeleg med ho fleire gonger, somme gonger medan Jonny Andre Risvik var til stades.

– Ein gong tok 26-åringen kvelartak på meg medan Jonny såg på, då smilte Jonny berre. Det var det han gjorde når han blei redd, fortalte ho.

Familien fortalte også at måten dei fekk vita om dødsfallet til Risvik var gjennom journalistar som kom på døra deira.

Også naboar snakka i tysdag i retten.

Obduksjonsrapporten blei også lagt fram, den viser at ingen av skadane Risvik blei påført var døydelige i seg sjølv. Ifølgje rapporten døydde Risvik rundt klokka 06.00 fredag morgon 13.august.