Hopp til innhold

Gutens (7) bistandsadvokat meiner det som har hendt er uforståeleg

Politiet har sikta ei kvinne i slutten av 20-åra for drapsforsøk på sin eigen son. Valdsepisoden skjedde på Nord-Jæren i starten av desember.

Lars Ole Berge

Lars Ole Berge er politiadvokat ved Sør-Vest politidistrikt. Han leiar etterforskinga etter ein sju år gamal gut blei angripen av mora i desember.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Den sju år gamle guten blei utsett for vald med ein gjenstand. Då me kom til staden var han skadd og blei raskt frakta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) for behandling. Han kom frå det utan livstrugande skader, fortel politiadvokat Lars Ole Berge ved Sør-Vest politidistrikt.

Politihuset i Stavanger

Saka blir etterforska ved Politihuset i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det var den 4. desember politiet blei varsla om ein valdsepisode på ei adresse på Nord-Jæren.

Då politi og helsepersonell kom på staden var situasjonen under kontroll, men den unge guten var skadd.

Har erkjent dei faktiske forholda

– Me i politiet ser alvorleg på saka. Det er snakk om eit barn som er utsett for potensielt livstrugande vald, og politiet har teke ut sikting på drapsforsøk.

Det er mor til den sju år gamle guten, ei kvinne i slutten av 20-åra, som er sikta for drapsforsøk. Ho måtte også takast hand om av helsepersonell, og har vore innlagt på SUS heilt sidan hendinga.

– Kvinna har erkjent dei faktiske forholda, men ho har ikkje teke stilling til skuldspørsmålet, seier Berge.

– Han har det etter forholda bra

Harald Øglænd er bistandsadvokat for den sju år gamle sonen, og kan fortelja at han er utskriven frå sjukehuset.

Harald Øglænd

Harald Øglænd er bistandsadvokat for den sju år gamle sonen, og kan fortelja at han er utskriven frå sjukehuset.

Foto: Andreas Molland / NRK

– Guten har det etter forholda ganske bra. Det har naturleg nok vore eit sterkt traume, men han har fått god oppbakking frå faren og frå og hjelpeapparatet. Eg trur me kan sei at dette så langt ikkje har gått så verst, seier Øglænd.

Bistandsadvokaten mener at det som har skjedd er uforståelig.

– Ut frå det eg veit så langt, er det ikkje teikn til at dette kunne vore fanga opp av nokon. Verken av familiemedlemmer eller av utanforståande, før det faktisk skjedde, seier advokaten.

Psykisk helse til vurdering

Det er utnemnt rettspsykiatrar som mellom anna skal vurdera om mora var tilrekneleg, eller om det vil vera behov for tvunge psykisk helsevern.

Politiet har sikra spor, gjort rundspørjingar i det aktuelle nabolaget, og dei har avhøyrt både faren, sonen og mora. Nå ventar dei på rapport frå rettspsykiatrane og vurderinga frå den rettsmedisinske kommisjonen.

Ifølgje Lars Ole Berge har vore tilbakehaldne med informasjon om denne saka for å skåna dei involverte partane.

Forsvararen til den sikta kvinna, Tor Inge Borgersen, ønsker ikkje å kommentera saka.