Hopp til innhold

Mor og dotter i branneksplosjon i Kristiansand

Eitt av trehusa i Kristiansand eksploderte i brannen i natt. Då sat Siren Meling og dottera på ni år bak eit buss-skur like ved.

Siren Meling og dottera Ingrid ved branntomta i Kristiansand

Siren Meling og dottera Ingrid er tilbake ved branntomta i Kristiansand, søndag føremiddag.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Gå og gøym dykk bak det buss-skuret!

Dette var beskjeden Siren Meling og dottera Ingrid (9) fekk av brannfolka i nærleiken av trehusbrannen i Kristiansand i natt.

Då hadde dei følgd nødutgang-skilta frå hotellrommet sitt på Comfort hotel, og oppdaga at den ruta førte dei rett ut i gata der brannen utvikla seg i raskt tempo.

Flammer ut av flere vindu i brannbygningene

Denne videoen filma Siren Meling ut gjennom vinduet på Comfort hotel, før ho og dottera følgde skilta til nødutgangen i hotellet.

I siste liten

– Kort tid etterpå eksploderte det. Det kom eit veldig smell frå bygget som sto i brann, fortel Siren Meling, som er frå Klepp på Jæren.

Brann, politi-og ambulansefolka trekte seg tilbake etter at dette skjedde. Truleg fordi dei frykta nye eksplosjonar, fortel Meling.

– Og kort tid etterpå kom ein politimann med blod i ansiktet og sette seg ned like ved oss. Han hadde truleg blitt truffen i hovudet av ein gjenstand frå eksplosjonen, seier mora.

Tøft for ni-åringen

Dottera på ni år opplevde dette så skremande at ho tok til tårene og dei to følgde deretter oppfordringane om å trekkja seg lengre vekk.

Dei kom etter kvart til Ernst hotel, der dei blei tatt imot av helse og politipersonell.

– Dei var veldig hyggelege. Dei sette seg spesielt ned med ungane og snakka med dei. Dotter mi tykte det var god hjelp i bli tatt godt imot då me kom til hotellet, fortel Siren Meling.