Mogleg drukningsulukke på Jørpeland

Ein mann er sendt til Haukeland sjukehus etter ei mogleg drukningsulukke på Jørpeland.

Ambulanse på Jørpeland

Naudetatane var på staden onsdag morgon.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Det var tidleg torsdag morgon at naudetatane fekk meldinga: Ein livlaus person låg i sjøen utanfor Jørpeland.

Det blei gitt livreddande fyrstehjelp på staden, så blei den unge mannen flogen med helikopter til Haukeland sjukehus i Bergen.

Politiet kjenner ikkje tilstanden, men stadfestar til NRK at ulukka er alvorleg. Dei næraste pårørande er varsla. Det er også kriseteamet i kommunen.

Morten Helland

Morten Helland, innsatsleiar i politiet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er usikkert kva som har skjedd. Det har vore ei ulukke med ein båtførar, men kva som er grunnen, er noko politiet skal undersøkja vidare, seier Morten Helland, innsatsleiar i politiet.

Ingenting tydar på at fleire var med i båten.

Ulykkesstedet

Ulukka skjedde ved Jørpelandsholmen, like ved land.

Foto: Magnus Stokka / NRK