NRK Meny
Normal

Moen i hardtrening før fotball-VM

Det er ikkje berre Ronaldo og Messi som finsiktar forma mot fotball-VM i juni. Ein dommar frå Haugesund må også trena hardt for å vera klar til VM-festen i Brasil.

Det er ikkje berre Ronaldo og Messi som finsiktar forma mot fotball-VM i juni. Ein dommar frå Haugesund må også trena hardt for å vera klar til VM-festen i Brasil.

Sjølv om det ikkje er sikkert at Svein Oddvar Moen får sjansen som hovuddommar i VM, skal han i alle fall vera fjerdedommar.

– Eg har sett fram til dette lenge og gler meg voldsomt, seier dommar Svein Oddvar Moen frå Haugesund.

Toppdommaren har dømd kampar med mange fotballstjerner. I går hamna han i fokus i på grunn av ein kjempetabbe i landskampen mellom Danmark og Sverige, men han får likevel sjansen som dommar i fotball-VM som bli sparka i gang 12. juni i Brasil.

Moen er den første norske VM-dommaren sidan 2002.

Eg gler meg voldsomt.

Svein Oddvar Moen

– Nå står berre dei siste førebuingane att, så reiser me til Rio, seier FIFA-dommaren.

Systematisk trening

Sergio Ramos

Svein Oddvar Moen er klar dersom han får sjansen til å dømma i fotball-VM.

Foto: Manuel Queimadelos Alonso / Getty Images

Moen har i desse dagar mange tøffe treningsøkter i heimbyen Haugesund. For også dommarar må halda seg i form.

Kvar kamp spring han mellom 11 og 14 kilometer. Det vil seia minst like mykje som fotballspelarane han dømmer.

Treningsopplegget er såpass systematisk at resultatet frå pulsklokka må sendast til UEFA og FIFA kvar einaste veke.

Utan den fysiske biten på plass, har du ingen sjansar.

Svein Oddvar Moen

– Utan den fysiske biten på plass, har du ingen sjansar. Derfor trenar me godt heile tida, forklarer Moen.

Klar dersom han får sjansen

Svein Oddvar Moen skal i utgangspunktet ikkje dømma nokon kampar i fotball-VM. Men dersom nokon blir sjuke, tabbar seg ut eller må reisa heim av andre årsaker, kan haugesundaren få sjansen på kort varsel.

I så fall er han klar for VM-dømming saman med assistenten sin, Kim Thomas Haglund.

– Dersom me får sjansen til å dømma, skal me i alle fall vera godt førebudde, seier Moen.

Han er klar på at han ønsker å få sjansen fordi at han er god nok, ikkje fordi andre tabbar seg ut.

– Jobben min er å vera klar saman med dei andre dommarteama.

– Fantastisk land

Sjølv om det ikkje er sikkert Moen får sjansen som hovuddommar i VM, skal han i alle fall vera fjerdedommar.

Uansett kva oppgåver Haugar-dommaren får, blir det spesielt å delta i VM for første gong.

– Det blir ekstra spesielt at VM er i Brasil. Landet er heilt fantastisk og det er fotball overalt.

– Er dette draumen som nå blir oppfylt?

– Målet har vore å bli ein del av VM. Nå er me tatt ut, så det betyr at første skritt er nådd. Men det er nå det begynner, seier ein spent fotballdommar.