Kundar snudde giganten
Telenor har sagt nei til å bruke pengar på det vesle øysamfunnet. Men då alle frammøtte på eit folkemøte i går kveld viste seg å vere Telenor-kundar, snudde telegiganten.
Dekningsdirektør Bjørn Amundsen seier at dersom det er råd å få til ein avtale med grunneigaren og at saksbehandlinga går greit så er mobildekninga på plass til jul.
Investering
Amundsen seier at Telenor ikkje kjenner seg pressa. Telenor har ikkje noko samfunnsansvar for å sørge for dekning til alle, men totalt sett er dette ei god investering, seier Amundsen.
Telenor prøver å ha eit godt renomè ute i distrikta seier Amundsen og legg til at nokre slike saker i året kan Telenor ta.