Hopp til innhold

Klager på politiet sin konklusjon i mobbesak

For dryge to veker sidan la politiet vekk ei sak der Bjerkreim kommune var meld for å ikkje ta tak i enkelte mobbesaker på ein god nok måte. Nå skal statsadvokaten gi saka ei ny vurdering.

Bjerkreim kommune

Seks sentrale personar i kommunen vore under etterforsking av politiet, mistenkt for brot på opplæringslova kapittel 9a. Ei lov som mellom gir alle elevar rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø. Brot på lova kan straffast med bøter eller fengsel i opp til tre månader. I tillegg har kommunen som institusjon vore under etterforsking.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me meiner at resultatet av etterforskinga burde vore eit heilt anna. Derfor klagar me saka nå inn for statsadvokaten, seier far til ein elev som for fire år sidan slutta på Bjerkreim-skulen på grunn av langvarig mobbing.

La vekk mobbesaka

Han er ein av seks føresette som for halvanna år sidan gjekk saman om å melda kommunen, og sentrale personar som jobba i kommunen, til politiet for måten dei hadde handsama mobbesakene mot barna deira på.

Både Fylkesmannen og Rogaland revisjon hadde allereie peikt på fleire lovbrot i enkeltsakene, men for om lag to veker sidan gjekk politiet ut og sa at dei la vekk saka.

Nå har altså foreldra sendt klagebrevet sitt inn til Rogaland statsadvokatembeter, der det vil bli gjort ei ny vurdering av saka.

Blir gjort ny vurdering

Dei skal sjå på om politiet si avgjersle om å legga vekk saka skal gjerast om på. Dersom dei meiner det bør skje, så kan dei gi bot til kommunen og eventuelt ta ut tiltale på enkeltpersonar direkte, eller dei kan krevja at saka blir etterforska vidare av politiet.

– Me ønsker ei vurdering på om politiet har gjort dei rette vurderingane her, spesielt med tanke på at dette er første gong politiet i Rogaland etterforskar ei slik sak, seier faren som ønsker å vera anonym.