Hopp til innhold

Mobbesaka har nådd opp til Stortinget: Vil ha kriseteam i skulen

Saka om Sveio-rektoren som vil melda mobbarforeldre til barnevernet har skapt stort engasjement. No kjem stortingspolitikarar med innspel og nye forslag.

Hege Liadal

FRÅ FACEBOOK TIL STORTINGET: Facebook-innlegget til rektoren har skapt så stort engasjement at bodskapen har nådd opp til Stortinget. Representant Hege Haukeland Liadal (Ap) har utvikla eit nytt forslag på grunnlag av innlegget.

Foto: Facebook/Arbeidarpartiet

– Det er veldig kjekt. Etter kvart har det blitt heile målet mitt, seier rektor ved Sveio skule, Ben Jerry Ellingsen.

Rektor Ben Jerry Ellingsen ved Sveio skule

REKTOR: Ben Jerry Ellingsen ved Sveio skule.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Han vil melda foreldre som ikkje vil innsjå at barna deira mobbar til barnevernet. Etter ein kraftig uttale på Facebook, har saka har skapt stor debatt. No har den nådd opp til Stortinget.

I etterkant av utspelet har stortingsrepresentant Hege Haukeland Liadal i Arbeidarpartiet teke imot mange telefonar frå foreldre og besteforeldre som støttar rektoren.

Som leiar av familie- og kulturkomiteen kjem Liadal no med eit eige forslag til kva ein kan gjera for å få slutt på mobbinga – men ikkje alle er like einig.

– Ho gjer det til noko større enn det er

I staden for at barnevernet skal løysa opp i mobbesaker i skulen, vil Liadal at det skal dannast beredskapsteam. Kriseteam som på tvers av kommunar koplar på den fagkompetansen det er behov for i kvar enkelt mobbesak.

– Saka må då vera så alvorleg at verken nærmiljøet, kommunen eller skulen i seg sjølv evner å løysa opp i den utfordringa som har oppstått.

Sveinung Stensland (H) meiner Liadal blås opp problematikken ved å føreslå beredskapsteam.

– Då blir jo dette plutseleg mykje større enn det er.

Sveinung Stensland

OVERDRIV: Stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H) meiner det er for ofseleg å føreslå beredskapsteam i mobbesaker.

Foto: Erik Waage / NRK

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) ser heller ikkje heilt vitsen med å oppretta ei ny einig for å handtera mobbesaker i skulen.

Geir Pollestad

REPRESENTANT: Geir Pollestad (Sp)

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg er jo oppteken av at me skal bruka dei reiskapane me har. Barnevernet er eit kjent og etablert tiltak, så eg har nok mest sans for det, men eg vil ikkje avvisa forslaget til Liadal her og no.

Oppfordrar skular og kommunar

Rektor ved Sveio skule hadde ikkje forventa at Facebook-innlegget hans skulle hamna på Stortinget.

– Det er ei vanvettig styrke for demokratiet i Noreg at det ikkje er lang veg til dei som sit og styrer, seier Ellingsen.

Men sjølve forslaget til Liadal (Ap) er også rektoren litt skeptisk til. Han har like mykje tru på å styrka barnevernet.

– Kanskje barnevernet kunne hatt stillingar som var meir retta mot ein slags foreldrehjelp i oppdraginga, men om eit beredskapsteam skal settast opp høyrest kanskje litt ofseleg ut. Men eg veit for lite om kva ho tenker, seier Ellingsen om Liadal.

Mobbing i skulen

USEMJE: Sveio-rektoren er skeptisk til forslaget om beredskapsteam i mobbesaker, og har like mykje tru på å styrka barnevernet. Liadal er ueinig.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Men Liadal meiner derimot at barnevernet ikkje er den rette instansen til å behandla mobbesaker.

– Ein treng anna fagkompetanse for å få løyst dei enkelte sakene.

Liadal fortel at beredskapsteam i skulen har blitt utprøvd og fungert godt i andre fylke. No oppfordrar ho ordførarar og folkevalde i skuleutval til å sjå på moglegheita saman med rektorar og fagmiljø.