Hopp til innhold

Stavanger kommune betalte erstatning til mobbeoffer – ville halda saka hemmeleg

I fleire år blei ein elev (18) ved ein skule i Stavanger mobba og mishandla. Nyleg betalte kommunen 550.000 kroner til mobbeofferet. Eit av vilkåra var at familien hans skulle vera tause om saka. – Ei fæl sak, seier bystyrepolitikar i Stavanger, Leif Arne Moi Nilsen (Frp).

Det er Stavanger Aftenblad som i dag avslører kva som gjekk føre seg på eit ekstraordinært formannskapsmøte i Stavanger kommune 28. april i år. Her godkjende politikarane å betala 550.000 kroner til ein nå 18 år gamal gut, som har blitt mobba og mishandla i ein Stavanger-skule frå hausten 2002 til 2007.

Per Haarr

Per Haarr er oppvekst- og levekårsdirektør i Stavanger kommune. Han skal tidlegare ha vore med på å avvisa krav om erstatning frå 18-åringen. Nå har han medverke til forliket.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

I papira Aftenbladet har fått tilgang til og gått gjennom kjem det fram at eleven både blei slått og piska. Skulen lukkast ikkje med å stoppa mobbinga, og i 2007 tok foreldra eleven ut av skulen.

Blei samde om forlik

Først etter at familien engasjerte advokat og gjekk til søksmål mot skulen, skal kommunen ha vist vilje til å bøta på eigne feil. Saka mot kommunen skulle opp i Stavanger tingrett 5. mai i år.

Ved å inngå eit forlik der kommunen betalar erstatning til mobbeofferet, blir det inga rettssak.

Eit av argumenta som blei brukt for å få politikarane til å godkjenna utbetalinga var at saka kunne føra til dårleg omdømme av kommunen. Ein del av avtalen var at familien skulle halda tett om saka.

Krev ein plan frå ordføraren

På det hemmelege møtet 28. april var Frp-politikar Leif Arne Moi Nilsen til stades. Han fekk delt ut eit dokument på snaue to sider. Saksdokumenta var på 400 sider.

Leif Arne Moi Nilsen

Leif Arne Moi Nilsen (Frp) var til stades på det hemmelege møtet 28. april. – Det er ei heilt anna sak eg les om i avisa enn det eg hadde sett føre meg då me hadde saka oppe politisk, seier han.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg gremmes. Dette er ei fæl sak, og eg tenkjer på denne guten som har fått livet sitt øydelagt. Saka burde vore offentleg. Det kjennest ikkje bra som ansvarleg politikar å høyra detaljane i saka på radio og lese om det i avisa, seier Moi Nilsen til NRK.no.

– Det er ei heilt anna sak eg les om i avisa enn det eg hadde sett føre meg då me hadde saka oppe politisk, legg han til.

Nå etterlyser han ein plan for å unngå fleire slike omfattande mobbesaker i Stavanger-skulen.

– Eg håpar byens ordførar tek tak i saka når politikarane skal samlast i bystyremøtet i dag. Då vil eg etterlyse informasjon om fleire detaljar, seier Frp-politikaren.

Vil ikkje beklaga, men tar sjølvkritikk

Oppvekst- og levekårsdirektøren i Stavanger kommune, Per Haarr, vil ikkje kommentera om han tek sjølvkritikk i saka, men innrømmer at det ikkje er bra når omdømet blir sett under press.

– Me ynskjer å bli oppfatta som ein kommune som jobbar ryddig og skikkeleg, seier Haarr.

Han understrekar likevel at det kan vera gode grunnar til å ikkje omtale slike saker offentleg, sjølv om det ikkje er eit poeng i seg sjølv å halde dei hemmeleg.

– I denne saka var det mykje personsensitiv og informasjon som går under teieplikta, og då er det viktig å handsama saka med respekt. Samstundes må me halde fram med å jobba med rutinane våre, for å unngå å få fleire slike saker, seier han.

Meiner guten blei tatt vare på

John Peter Hernes (H) er ein av politikarane i formannskapet i Stavanger. Han meiner kommunen har teke hand om guten i denne saka.

– Eg opplever at Stavanger kommune har hatt større fokus på løysing for mobbeofferet, enn å forsvara si eiga posisjon, seier Hernes, som er leiar for Oppvekst i Stavanger kommune til NRK.no.

– Men var det riktig å halde saka hemmeleg?

– I slike saker er det naturleg å skjerme offeret. Det blir nærast å sjå saka som ei personalsak, og då skal ein vera varsame. Dersom saka hadde kome i retten, hadde offeret i større grad blitt ramma ved at saka hadde blitt offentleg, meiner Hernes.