Mjølkebonden trødde som ein idrettshelt

Bonde og Lokalen-praktikant Kalle Nilsen hamna mellom Viking- og Oilers-profilane André Danielsen og Christian Dahl-Andersen i tråbilkonkurransen.

Kalle Nilsen i Top Pedal

RASK: Kalle Nilsen stilte i kjeledress frå Felleskjøpet til tråbilkonkurranse. Det resulterte i nesten topp-ti-plassering.

Men kanskje viktigast for Kalle Nilsen, som er bonde på Ullandhaug i Stavanger, han slo både Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum og den lokale Sp-profilen Geir Pollestad.

Stoppeklokka stansa på 36.46, noko som betyr 13.-plass og ei betre plassering enn hockeyprofil Christian Dahl-Andersen.

– Det var mykje tyngre enn eg trudde på førehand, sa bonden etter målgang, som stilte i kledeleg kjeledress frå Felleskjøpet som konkurranseutstyr.

40-årsjubilant

Kalle Nilsen er bonde i byen. På garden på Ullandhaug i Stavanger har han 30 mjølkekyr. I år fyller han 40 og det var det som var bakgrunnen for at han gjesta NRK Rogaland fredag.

Kona kontakta NRK-radarparet Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland. Ho hadde lyst til å overraska jubilanten med praksisplass i morgonlokalen.

Kalle, som er ein ivrig radiolyttar, ville gjerne bli med – og fekk både finna og lesa temperaturane frå fylket i radiostudio. Og ikkje minst delta i tråbilkonkurransen.

– Det er jo makaluast å få innblikk i kvardagen de har, sa Kalle til Kvindesland og Skjæveland.

– Me går jo og høyrer på radioen døgnet rundt nesten, spesielt om morgonen. Så dette er ein stor dag.