Hopp til innhold

Mistenker snusk i jordbærbransjen

Etter tips dreg Arbeidstilsynet i dag ut for å sjå nærare på forholda i jordbærbransjen i Ryfylke.

Jordbærplukking
Foto: Erlend Aas / Scanpix

Arbeidstilsynet vil sjå nærare på arbeidskontraktane og buforholda til dei utanlandske jordbærplukkarane som arbeider i Ryfylke.

Gunnar Skogesal i Arbeidstilsynet fortel at det er ein landsdekkande aksjon dei dreg ut på, men at det er fleire gode grunnar til å at dei vil bruka to veker for å sjå nærare på Ryfylke.

 

Har dårlege erfaringar med Ryfylke

- Me har erfaringar med at det har skjedd ting tidlegare i Ryfylke som ikkje er i tråd med lovane.

I tillegg fortel Skogesal at dei har fått inn tips.

- Folk har kontakta oss og fortalt at ikkje alle følgjer reglane i Ryfylke i år, seier han.

Dårlege arbeidskontraktar og buforhold

Og etter det NRK erfarer har Arbeidstilsynet fått inn opplysingar om arbeidskontraktar som ikkje toler dagens lys. I tillegg har ein fleire eksempel på dårlege buforhold.

Nokon av jordbærdyrkarane opererer med arbeidskontraktar som gir ei timeløn der utanlandske jordbærplukkarar blir trukka frå losjien, ein losji som frå før av ligg inne i timeløna.

 

Utanlandske arbeidarar plukker jordbær.
Foto: Morten F. Holm / Scanpix

Kan be politiet om hjelp

Gunnar Skogesal i Arbeidstilsynet ser ikkje vekk frå at dei kjem til å be fleire lokale lensmannskontor om hjelp med undersøkingane. Dei tilsyna som startar i dag er uanmelde.

Me set av denne veka og neste i Ryfylke. Seinare skal me undersøka andre delar av Rogaland, seier Skogesal.

Gir pålegg til dei som blir tekne

Dersom Arbeidstilsynet oppdagar forhold som ikkje er som dei skal, fortel Skogesal at dei kan ty til fleire verkemiddel.

- Me kjem til å gje vedkomande pålegg om å retta opp forholda, og ved alvorlege forhold har me i tillegg eit tett samarbeid med politi og skatteetat, seier Skogesal.