Hopp til innhold

Mistenker at skulebrann var påsett

Politiet mistenker at brannen på Vikeså skule i Bjerkreim i natt var påsett. Brannvesenet var raskt på staden, og det har truleg hindra store materielle skader.

Brannvesenet både frå Vikeså og Bjerkreim rykte ut

Brannvesenet frå Eigersund og Bjerkreim rykka i natt ut til Vikeså skule. Bilete er teke ved eit anna høve.

Foto: Frank Terje Evje Risa

Klokka eitt i natt rykka brannvesenet frå Eigersund og Bjerkreim ut til Vikeså skule i Bjerkreim.

Brannalarmen hadde gått, og då dei kom fram, brann det på utsida av bygget.

– Det brann oppunder taket, og ned langs veggen, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Helene Strand.

Brannvesenet fekk kontroll over brannen i løpet av kort tid.

– At brannvesenet var så raskt på staden, har truleg hindra full overtenning, seier Strand.

Laster Twitter-innhold

Mistenker at nokon har tent på

Det skal vera nokre materielle skader på utsida, men inne i skulebygget er det berre mindre røykskader.

Sidan brannen starta på utsida av bygget, mistenker politiet at brannen var påsett.

– Saka vil no bli etterforska vidare av politiet i Dalane, seier Strand.

Det er ikkje første gong Vikeså ha opplevd ein skulebrann. I 2010 fekk Vikeså barneskule omfattande skader i ein brann. Då innrømma to 15-åringar at det var dei som hadde tent på skulen.

Brann Vikeså barneskule

Deler av Vikeså barneskule brann ned til grunnen i 2010.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Travel natt for naudetatane

Brannen i Bjerkreim er berre ein av mange hendingar i løpet av natta, som naudetatane i Rogaland har rykka ut på.

På Moi i Lund køyrde ein bil inn i ein husvegg, rundt klokka fire i natt.

– Føraren er ein 18 år gamal gut. Han prøvde og stikke frå staden, men ein mann frå brannvesenet greidde å ta han igjen, fortel Strand.

18-åringen hevdar sjølv at det ikkje var han som køyrde bilen.

– Det er mistanke om høg hastigheit, og promille. Mannen vart teken med til Flekkefjord sjukehuset for sjekk og blodprøve, seier Strand.

Bilen hadde store skader, men det skal vera mindre skader på huset.

Laster Twitter-innhold

– Svært mykje fyll

Både i sør- og i nordfylket har det vore ei natt prega av mykje fyll. Fleire personar har blitt viste vekk frå sentrumsområde.

I Haugesund vart tre personar sette i arresten fordi dei hadde drukke for mykje, og oppført seg dårleg.

På Kopervik blei ein parkert politibil utsett for skadeverk. Politiet var på staden for å få roa ned ein fest. Då gjekk ein person til angrep på politibilen.

– Det heile blei filma av kameraet, som var inne i bilen, fortel operasjonsleiar Norunn Byrknes.

Politiet ber personen om å melda seg.

I Sauda vart ein 18 år gamal gut slått med balltre. Han fekk kutt i ansiktet, og skader på tennene. Det var svært mange vitne til hendinga, og den 23 år gamle gjerningsmannen melde seg for politiet, kort tid etter. Saka vil bli etterforska vidare i dag.