NRK Meny
Normal

Mista livet i sykkelulukke

Den eine av to syklistar, som blei påkjørte  i ei politijakt  torsdag ettermiddag, døydde av skadane.  Ulukka skjedde då politiet jakta på ein kvit Volvo i Jåttåveien i Stavanger. 

To syklister påkjørt i Jåttåveien i Stavanger
Foto: Marius Harlem / NRK

Klokka 15.14 tok ein politipatrulje opp jakta på ein kvit Volvo utan registreringsskilt.   Det var to kvinner i bilen.

Volvoen svinga inn Jåttåveien ved Brynes Planteskole. 

I nærleiken av krysset Jåttåveien og Skogsbakken, blei to syklistar påkjørte av Volvoen.  

Den eine syklisten, ei kvinne, døydde seinare av skadane på Stavanger Universitetssjukehust.

Den andre syklisten har kome frå det utan livstrugande skader, opplyser sjukehuset.

-Siden ulukka skjedde då politipatruljen prøvde å stanse den uregistrerte personbilen, er Spesialenheten for politisaker varsla., seier politiadvokat Gro Stangeland ved Politiet i Rogaland.