NRK Meny
Normal

– Det er ikkje demonstrasjonar som står i hovudet mitt nå

Då kyllingbonde, Lars Vassbø frå Bjerkreim, kom til hønsehuset sitt i dag tidleg stod det i full fyr. Nå jobbar han med å fjerna alle dei daude kyllingane.

Nesten 16 000 slakteklare kyllinger døde da et stort kyllingfjøs brant ned til grunnen i Ørsdalen i Bjerkreim i dag morges. Verdier for flere millioner kroner gikk tapt i brannen.

►SJÅ VIDEO: Kyllingbonde Lars Vassbø fortel om synet som møtte han i dag tidleg.

– Det var eit fælsleg syn som møtte meg. Først såg eg ingenting på grunn av den tjukke røyken, men når eg kom gjennom røyken kunne eg sjå flammane som stod rett opp, seier Lars Vassbø, som er bonde i Bjerkreim.

Han var på veg til hønsehuset sitt på 1000 kvadratmeter med 15.900 kyllingar. Klokka var då kvart over fire, og han trur brannen starta om lag femten minutt tidlegare.

Daude dyr må vekk

– Bygger var overtent og alle kyllingane gjekk med i brannen. I tillegg stod det ein del maskinar her som nå er øydelagde, fortel han.

Dermed blei det fort andre ting enn landbruksoppgjer og bondedemonstrasjonar, som blei viktige for bonden.

– Det er ikkje demonstrasjonar som står i hovudet mitt nå, så eg kjem ikkje til å demonstrera meir nå. Det ligg daude dyr her som må vekk, og dei råtnar fort. Det har vore alt frå galgenhumor til tårer her i dag, men det har vore frykteleg, seier han.

Millionar har gått tapt

Han er ikkje sikker på kor store verdiar som har gått tapt, men reknar med at eit nytt tilsvarande bygg vil kosta fem millionar kroner, og at kyllingane hadde ein verdi rundt 450.000 kroner.

Årsaka til brannen er framleis ukjent. Vassbø på si side er sikker på at det har med det elektriske å gjera.

– Det er ingen stearinlys der inne, heller ingen vedomn. Det er noko med straum som har skylda, seier bonden, som sjekka det elektriske anlegget så seint som i går.