Normal

Mishandla til døde i eigen bustad

Den 28 år gamle mannen som blei funnen død i sin eigen leilegheit i Stavanger fredag føremiddag, skal ha blitt grovt mishandla til døde.

Video Døde trolig av mishandling

Fem personar er sikta for lekamsskading eller medverknad til dette i saka. Tre av dei er kvinner, den yngste er berre 15 år. Ingen av dei fem erkjenner straffskuld.

Etter det NRK erfarer blei den døde funnen i gangen i leilegheiten i bydelen Kampen, like utanfor Stavanger sentrum. Ifølge forsvararen til ei av jentene som er sikta i saka, Arvid Sjødin, skal mannen ha blitt mishandla over fleire dagar.

Arvid Sjødin

Advokat Arvid Sjødin.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

- Slik eg forstår det er dødsårsaka mishandling. Skadene skal ha blitt påført av andre, seier Sjødin.

Vald med ulike gjenstandar

Valden mot 28-åringen skal ha blitt utført med ulike gjenstandar, og etter det NRK erfarer skal den utløysande årsaka til valden berre vera snakk om ein bagatell.

NRK har også vore i kontakt med naboar i området der den døde mannen blei funnen. Ein av dei høyrde ein mann ropa om hjelp i går. Naboen fortel også om to smell som høyrdes ut som skot.

Obduksjonsrapport klar over helga

Ifølge advokat Sjødin mistar enkelte alle motførestillingar når mishandling føregår i grupper.

- Eg veit ikkje om dette har skjedd i denne saka, men kan heller ikkje utelukka det, seier han.

Obduksjonsrapporten av avdøde blir truleg klar over helga. Vidare varetektsfengsling av dei sikta blir vurdert søndag, skriv politiet i ei pressemelding.

Politiet hadde laurdag ettermiddag gjennomført avhøyr av alle sikta i saka. I tillegg er naboar og vitne avhøyrde.

Grafikk, dødsfall Stavanger

Totalt fem personar mellom 15 og 26 år er sikta i samband med at ein 28 år gammal mann blei funnen død i Stavanger.

Flere nyheter fra Rogaland

Ekstremværet Knud.

«Knud» slo ut nødnettet: – Det er en skandale

Allerede i 2016 viste det seg at nødnettet var sårbart for strømbrudd. Myndighetene lovet bedring, men likevel klappet det sammen under uværet i helgen.