Hopp til innhold

Minst 110 tilsette i BP må gå

Leiinga i BP Norge informerte i dag sine tilsette om at dei må kutte minst 110 stillingar. Dei fleste som må gå er innleigde konsulentar.

Oljeplattform

Oljeselskapet BP har idag varsla at dei må gjennomføre kutt i bemanninga.

Foto: Reuters

– Det var roleg og få spørsmål på allmøtet. Eg trur ikkje dette var så uventa, seier pressetalsmann i BP Norge, Jan Erik Geirmo.

På allmøtet informerte leiinga om at minst 110 av dei tilsette må gå. BP går dermed inn i rekka av oljeselskap som har nedbemanna den siste tida.

– På linje med det som heile oljeverksemda nå går gjennom, med auka kostnadar og krevjande marknadar, så må me også gjera ei omstilling. Dette trengs for å sikre konkurransekrafta, og dermed vidare drift i framtida, seier Geirmo.

Mange innleigde må gå

– Me er ikkje heilt sikre på kven som må gå, fordi det er tidleg i prosessen. Men majoriteten vil vera innleigde konsulentar frå ulike yrkesgrupper, seier Geirmo.

Kven som må gå skal vera avklart innan mai. Men det kan også bli aktuelt med nye nedbemanningsrundar.

– Me har sagt at det er minst 110 personar som må gå, men kor mange fleire det vil bli det veit me ikkje. Me må sjå både på resultatet av effektiviseringa og aktivitetane som me legg opp til framover, seier Geirmo.