Mange møtte i kveld opp i Forsand kyrkje for å ta del i ei minnestund for Agnes Elisabeth Müller.
– Det er ei open minnestund. Det blir musikk og så blir det moglegheit til å tenne lys og skrive i ein kondolanseprotokoll. Og viss det er born som vil teikne teikningar til Agnes sine to born, så kan dei også gjera det, fortel Ole Wollert Meyer, sokneprest i Forsand.
Pregar lokalsamfunnet
Forsvinningssaka, som utvikla seg til å bli ei drapssak, har prega bygda i Ryfylke. Lokalsamfunnet har engasjert seg i leitearbeidet, og politiet fekk inn over hundre tips i saka.
Agnes Elisabeth Müller, har to born saman med ektemannen, på åtte og ti år. Ektemannen har tilstått drapet på si kone, og risikerer lang fengselsstraff.
MINNESTUND: Sokneprest Ole Wollert Meyer seier folk i Forsand treng ei slik minnestund for å koma vidare.
Foto: Mathias Oppedal / NRKSoknepresten fortel at borna på Forsand kjenner kvarandre godt og at det difor er mange familiar som ynskjer å ta del i minnestunda.
– No er Agnes funnen, og det er viktig å ha ei slik minnestund for å kunne koma vidare, seier Meyer.
Følgjer opp borna
Tidlegare i dag var det minnestund for dei råka klassane på Forsand skule.
- LES OGSÅ:
Kommunen lover at dei vil ta vare på dei to borna, på ein god måte.
– Saman med barnevernstenesta vil me vurdera kva som skjer i tida framover. Me held oss til lovverket, og ser på om det blir fosterheimsplassering eller andre tiltak, seier ordførar i Forsand, Ole Tom Guse (KrF).