To samlingar på politihuset
Politiet markerer eittårsdagen med to samlingar i politihuset. I ei intern samling i hallen deltek justisministeren, ordføraren i Stavanger og leiaren i Politiets Fellesforbund.
Ambulansepersonell minnes Arne Sigve Klungland
Denne samlinga er for dei pårørande og dei tilsette i politiet.
I eit lukka arrangement i kantina på politihuset får dei etterletne etter Arne Sigve Klungland ein hedersmedalje post mortem.
Klungland vart skoten og drepen av ein ranar. Drapet førte til eit omfattande arbeid for å betre tryggleiken for politifolk.
Markerer to politidrap
Minnemarkeringa i dag er også for å minnast politimannen Arne Andreas Mæland som vart drepen i teneste i mars 1990.
Under markeringa i dag vert det også avduka eit kunstverk av kunstnaren Astrid Vadla Ravnås.
Kunstverket skal plasserast hallen i politihuset til minne om dei to politifolka som begge vart drepne i teneste.