NRK Meny
Normal

Ministeren fekk sjå at omstillinga er i gong

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie roser viljen til omstilling i Rogaland. I dag besøkte ho bedrifter i leverandørindustrien i Stavanger, som har starta snuoperasjonen.

Arbeidsministeren på Stavanger-besøk

Arbeidsministeren var i dag på besøk hos Halvorsen Power System i Stavanger. Før tente dei stort innanfor riggmarknaden, no er dei i ferd med å omstille seg.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Det var heilt naturleg for meg å reise til Rogaland først, ikkje minst fordi det er det fylket som har størst utfordringar no, seier den ferske arbeids- og sosialministeren, Anniken Hauglie.

I dag har ho vore på rundtur i fylket som slit med veksande arbeidsløyse.

– Eg har fått høyre mykje om kva utfordringane er, men også om kva slags moglegheiter som finst, seier Hauglie.

Anniken Hauglie

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie var på besøk i Stavanger. Der fekk ho mellom anna sjå at nokre har starta omstillinga.

Foto: Helge Hundeide / NRK

For på sin tur til oljefylket har Hauglie mellom anna fått sett døme på at omstillinga allereie er i gong.

Tilpassar seg ei ny tid

Ein av stoppestadane var Halvorsen Power System. Offshorebedrifta har levd godt på riggmarknaden. Men den marknaden ligg nede, og bedrifta må no snu til andre marknadar innanfor olje- og marinteknologi.

For det finst nye jobbar i utlandet, men for å få dei må dei tilsette ha ny kompetanse.

– I staden for å permittera våre tilsette, og senda dei til NAV, så kursar me dei sjølv. Då har me sjølv kontroll på kva slags kompetanse dei får, seier administrerande direktør i Halvorsen Power System, Hans Petter Heggebø.

Og det får dei også støtte frå Regjeringa til å gjera.

– Det viktigaste for oss er å halde folk i arbeid. At me kan bidra til at bedriftene som me har i dag kan finne nye moglegheiter i nye marknadar, slik at dei tilsette kan bli verande i bedriftene, seier Hauglie.

Eit utstillingsvindauge

Og arbeidsministeren lovar å finne meir i verktøykassa for å halde hjula i gong.

– Det er me veldig glade for, og det viser at regjeringa tek dette på alvor, slik som me gjer her lokalt. Me skal leva av olja i femti år til, men me skal leva av noko i tillegg. Me må difor omstille oss, og her viser Rogaland at me er eit utstillingsvindauge i så måte, seier ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø.

Hans Petter Heggebø

Hans Petter Heggebø viste arbeidsministeren kva dei gjer for å tilpasse seg nye marknadar.

Foto: Helge Hundeide / NRK

For det som verkar i Rogaland, verkar kanskje også andre stader.

– Eg er grunnleggjande optimist, så eg er heilt sikker på at me kjem til å koma oss igjennom dette, sjølv om det vil krevja mykje av oss, seier Hauglie.

Og du blei ikkje pessimist av å vera her?

– Nei, tvert imot, her er det mykje vilje og kreativitet, så det er mykje lærdom å ta med seg tilbake igjen, seier arbeidsministeren.