Hopp til innhold

Snart kan vogntog ta vassvegen

Allereie frå nyttår av trer nye reglar i kraft, og yrkessjåførar kan velja ferge framfor E39 mellom Stavanger og Bergen.

Bergensfjord inn til Kristiansand

Frå og med neste år kan tungtransport ta sjøvegen mellom Bergen og Stavanger.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Aftenbladet skriv i dag at ei lovendring no gjer at ferjerederiet Fjord Line får lov til å frakta vogntog mellom dei to byane.

For snautt to år sidan lova samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen at dette skulle bli lovleg – for å få gods vekk frå vegane.

Nå har forslaget vore ute på høyring, og er vedteke.

Håper det stemmer

Administrerande direktør i Fjord Line, Rickard Ternblom, understrekar at dei ikkje har fått dette bekrefta, men håper det stemmer:

– Dersom dette stemmer, så er det naturlegvis svært positivt for oss. Dette er jo noko me har arbeidd lenge med å få til. Så dette er me glad for, seier han.

– Kvifor er det så viktig for dykk å få på plass ei slik ordning?

Rickard Ternblom, Konsernsjef i Fjordline

Administrerande direktør i Fjord Line, Rickard Ternblom er svært positiv til endringane.

Foto: Roald Marker / NRK

–Først og fremst så vinn jo miljøet på dette. Me køyrer jo opp og ned mellom Stavanger og Bergen kvar dag, og har kapasitet ledig. og me ser jo også at riksvegsambandet er slite og tungt belasta. Dette vinn me, miljøet og innbyggjarane på.

Klare for å setja i gang

Ifølge Ternblom så er dei klare til å setja i gang så fort dei får eit formelt klarsignal.

– Kva vil det innebera om dette nå kjem i gang?

– Reint teoretisk så har det me har ein kapasitet på 100 vogntog per døger, nord- og sørgåande. Men dette er makskapasitet, og eg trur kan hende at me byrjar litt meir forsiktig enn dette.

Positive sjåførar

Lastebilsjåførar har sagt seg positive så lenge det ikkje blir for dyrt. Ternblom lovar at det ikkje kjem til å bli dyrare å ta å ta båt kontra å køyre.

– Det ligg jo i sakens natur at me må vera må jo vera konkurransedyktige mot landtransport. Så vår prissetning kjem til å ta utgangspunkt i våre kostnader, og desse kjem til å liggja under tilsvarande kostnad for å køyra på vegen.