Denne veka skal politiet i Amsterdam gjera nye søk i fleire område i Amsterdam i håp om å finna den sakna Tore Grødem.
Det er i kanalen Singelgracht søket går føre seg. Kanalen er like ved Amsterdam Marriott Hotel, der Grødem budde.
– Denne gongen får me hjelp av militæret, som har ein betre sonar enn oss. Deira sonar kan ikkje berre kan søka rett ned, men også horisontalt i vatnet. Det gjer at me også kan søka under båtane som ligg i kanalen, seier Lemeer.
ER UROA: Ingrid Lemeer, talsperson for politiet i Amsterdam, fortel at dei skal gjera nye søk tysdag kveld.
Foto: Mathias Oppedal / NRKDei har søkt i den same kanalen tidlegare med hundar og sonar, men då utan resultat.
– Marinedykkarar bidreg i søket etter den sakna, norske turisten. Politiet har allereie søkt på botnen med sonar, men politihundane har markert i området, så no skal mine dykkarar bruka ein annan type sonar for å leita under båtane som ligg i kanalen, seier Eddy Jolink, offiser i forsvaret si dykkargruppe.
SJÅ VIDEO: Privatetterforskarar kan ha gjort funn i leitearbeidet etter Tore Grødem.
Dei skal også søka i parken Vondelpark, der Simpar (gruppe med privatetterforskarar, i hovudsak pensjonerte politifolk, red.amn.).
– No skal me søkja der med politihundar, seier Lemeer.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Tore Grødem frå Bryne har vore sakna sidan natt til 19. desember, då han forsvann etter å ha vore ute på byen. Den siste sikre observasjonen av mannen var på eit overvakingskamera på hotellet han budde klokka 5 om morgonen.
– Det er meir enn 15 dagar sidan han vart meldt sakna, så me er uroa for han, men me gjer alt me kan for å finna han.