NRK Meny
Normal

Grønt lys for Tom Cruise-film på Preikestolen

Inviterer til eksklusiv utekino på Preikestolen i samband med premiera av «Mission Impossible 6».

Preikestolen

"Mission Impossible 6" kan bli vist for første gang i Noreg på Preikestolen.

Foto: Ragnar Egeland

– Det er ein stor glede å fortelja at me har fått grønt lys for å visa filmen på Preikestolplatået, seier ordførar i Forsand kommune, Bjarte Sveinsvoll Dagestad.

I fjor vart det spelt inn sluttscenar på det verdskjente fjellplatået til «Mission Impossible 6». Og Tom Cruise sette Lysefjorden på hovudet tre dagar då Hollywood kom til Ryfylke.

Ein skal heller ikkje sjå vekk ifrå at Cruise, nok ein gang kan lage kjendishysteri på Preikestolen

– Tom Cruise synest dette var interessant og støtter initiativet, seier Dagestad.

Bjarte Sveinsvoll Dagestad

Ordfører i Forsand, Bjarte Svensvoll Dagestad, gleder seg til å se Mission Impossible-filmen ved Preikestolen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Men han vil ikkje bekrefta eller avkrefta at han kjem til filmvisninga i naturskjønne omgjevnader.

Arrangøren jobbar også med å få andre skodespelarar i filmen til å vitja utekinoen.

– Me har sendt ut førespurnader til fleire, men på dette tidspunktet kan me ikkje gå ut med detaljar.

Cruise passa katten

Tilskipinga er eit samarbeid mellom kommunane Forsand, Strand, Sandnes og Rogaland Fylkeskommune. Men det er Forsand kommune som styrer prosjektet.

Tom Cruise på Preikestolen

Slik såg det ut under innspelinga av "MI6" i 2017.

Foto: Ragnar Egeland

I tillegg har aktørar frå næringslivet engasjert seg. Eigar av ishockeylaget Stavanger Oilers, Tore Christiansen, vil finansiera arrangementet slik at publikum slepp dyre kinobillettar.

Christiansen lånte også ut huset sitt til Cruise under innspelinga av filmen i 2017.

– Avtalen var at han passa katten min mens han budde der.

For alle

I utgangspunktet er kinotilbodet for alle. Men på grunn av tryggleikstiltak kan det bli avgrensingar på enkelte område, der første mann til mølla vil gjelda.

– Me må ha eit system slik at sikkerheita for dei som deltar er på topp.

Elles informerer han om det blir område som vil bli gratis.

– På Preikestolen gjeld allemannsretten. Det vil bli stader ein kan ferdast som er gratis. Me kjem ikkje til å stenga turistattraksjonen for folk som vil opp, avsluttar Bjarte Sveinsvoll Dagestad.