NRK Meny
Normal

– Dei skal ikkje få knekka meg

Stavanger tingrett har slått fast at Merete Hodne må finna seg i å bli kalla «nazifrisør» i eit revynummer. Hodne meiner det er mobbing og skal nå vurdera anke.

Merete Hodne med laptopen sin

HEIME I SOFAEN: Merete Hodne fortel at ho får mange støtteerklæringar frå venar på Facebook, men at det av og til kjem inn ei og anna ufin melding også.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Hadde eg vore like rik som Donald Trump så hadde eg teke saka til Strasbourg om så var, men eg må jo vurdera dei økonomiske sidene også, seier Merete Hodne frå sofaen sin heime på Varhaug.

Fredag blei det klart at ho tapte søksmålet mot revygruppa Løgnaslaget, som kalla henne «nazifrisør» i ein sketsj. Retten konkluderte med at sketsjen ikkje var ærekrenking, noko Hodne ikkje forstår at retten kan meina.

– Det finst ikkje styggare stempel å få enn noko som har med nazi eller nazist å gjera. Eg trur dei fleste som hadde fått eit slik stempel ikkje hadde hatt lyst til at det skulle bli ståande, seier ho.

Viste fingeren til Torkelsen

Hodne fortel at dette har vore ei tøff sak for henne, noko som har gjort at ho har hatt ein lågare profil enn det ho hadde under hijab-saka (som var bakgrunn for revynummeret).

– Eg blei mobba då eg var liten, derfor er eg allergisk mot satire der ein heng folk ut på ein negativ måte, og derfor har eg aldri heller likt humoren til Løgnaslaget. Då eg var tolv år viste eg fingeren til Per Inge Torkelsen.

– Du viste fingeren til Torkelsen?

– Ja, mor og far såg vekk, så viste eg fingeren fordi eg synst han hadde barnsleg humor.

– Men skal ein ikkje ha lov til å tulla med det meste?

– Absolutt. Eg kan jo velja å ikkje gå på denne type revyar. Men eg kjenner at når det kjem til nazi og nazisme så går det ei grense. Folk kan tru at eg er nazist, men eg er så langt frå nazist og rasist som ein kan koma. Eg kjemper for fridom for alle menneske, seier Hodne som legg til at ho har muslimske venar.

Ifølgje Hodne sjølv er hennar aktivisme retta mot det ho omtaler som «muhammedanismens totalitære ideologi».

Kjenner seg mobba

Dagen dommen skulle koma stengde ho dørene på frisøren sin på Bryne og la seg i senga i frykt for kva utfallet ville bli.

– Eg var redd at eg ikkje skulle klara å stå i det om eg tapte. Men då dommen kom tenkte eg heller at dei ikkje skal få knekka meg. Eg skal stå i det.

Nå skal ho bruka den komande tida på å vurdera om ho skal anka, men ho vil også søka støtte frå noko uventa hald.

– Eg skal skriva brev til kongen og statsministeren og be om hjelp. Dei hadde så flotte nyttårstalar der dei snakka om mobbing, det var som om dei snakka til meg. Og nå føler eg meg mobba og trødd på av den norske stat. Me får sjå om eg får svar, men eg skal i alle fall gjer eit forsøk, seier ho.