Menn fjernar hår som aldri før

Fleire menn er nå leie av hår på ryggen, magen og endåtil bikinikanten. Det nyt laserklinikkar godt av. Ved Rogaland laserklinikk kjem det nå fleire menn enn kvinner for å fjerna hår.

Mann fjernar skjeggvekst

Denne mannen frå Rogaland kjem til laserklinikken for å fjerna skjeggvekst. Han seier at det er viktig å lida litt for skjønnheita.

Foto: Lise Andreassen Hagir / NRK

Menn fjernar nå kroppshår som aldri før, det stadfestar fleire hudpleieklinikkar i Rogaland som NRK har snakket med.

– Når eg byrja her for ti år sidan var 95% av kundane kvinner, men nå har mennene tatt oss igjen, seier Elin Ovedal ved Rogaland laserklinikk.

– Ein må lida litt

Førre månad la kvinner att 35.000 kroner i klinikken hennar for hårfjerning, medan menn stod for 60.000 kroner i laserklinikken sitt kasseapparat.

Ein av desse er ein mann frå Rogaland i 40-åra som vil vera anonym, han får skjeggveksten sin fjerna med laser. Han er nemleg lei av å barbera seg, men meiner likevel at laseren er mindre behagelig.

  • Kva meiner du om denne trenden? Diskuter.

Når laserfjerninga byrjar breiar lukta av svidd skjegg seg i behandlingsrommet:

– Det er som å få tolv volt straum i andletet, men det er som dei seier; ein må lida litt for skjønnheita, seier 40-åringen som blir svært nøgd med resultatet.

Elin Ovedal

Elin Ovedal har flest mannlege kundar som fjernar hår på Rogaland laserklinikk.

Foto: Lise Andreassen Hagir / NRK

Intimvoksing

Men det er ikkje berre såkalla permanent hårfjerning med laser fleire menn nå tar i bruk. Fleire og fleire nyttar seg av voks og tøystriper.

Bare Clinic i Stavanger byrja med såkalla brasiliansk voksing for menn i fjor, og tilstrøyminga av menn som vil ha sine edle delar voksa har auka jamnleg sidan:

– Då tar me alt håret rundt rumpa, på testiklane og nedst på tissen. Nokon fjernar også på oversida av tissen, men det er også mange som vil la det vera att litt hår her, seier Guro Høgås ved klinikken.

Denne trenden breiar om seg i ei tid der nordmenn brukar stadig meir pengar på å sjå flotte ut.

I første termin av 2011 blei det omsett for nærmare 1,2 milliardar kroner i frisør- og skjønnheitspleiebransjen, dette er ei vekst på 5,2 prosent frå året før.

Guro Høgås

Guro Høgos gjer seg klar til brasiliansk voksing. Fleire og fleire menn nyttar seg nå av tilbodet.

Foto: Camilla Emilie Hatleskog / NRK

Me brukar milliardar på skjønnheit

Og mykje pengar blir det fort når menn skal fjerna hår:

– Dei vil som regel fjerna på rygg, skuldrer, nakken, brystet og magen, somme også bikinilinja, seier Elin Ovedal ved Rogaland laserklinikk.

Sidan det krev mange behandlingar å fjerna håret kan prisen på å fjerna skjegget ofte koma på 15.000 kroner og 20.000 kroner for ein hårlaus rygg.

Ei trend seier ein, men treng ein ikkje alle desse håra som me fjernar?

Seksjonsoverlege ved hudavdelinga på Stavanger Universtitetssjukehus, Bjarte Steinkjer seier at me ikkje har det.

– Utviklingsmessig trengte me kroppshåret før, sidan det rundt desse ofte er kjertlar som produserar lukter. Til dømes reagerar apekattar positivt på slike lukter. Men sidan menneskjer i dag helst vil ha minst mogleg lukt har me ikkje behov for håra i dag, seier Steinkjer.

Ikke alle synes dette er veldig sexy.

Magehår er noko av det som ryk når menn strøymer til hårfjerningsklinikkar.

Foto: Colourbox.com / NRK

– Ikkje permanent

Han er likevel kritisk til at laserklinikkar kallar behandlinga deira for permanent hårfjerning:

– Laserfjerning av hår er ikkje permanent, håra kjem tilbake. Det er derfor misvisande marknadsføring frå klinikkane, seier han.

Misvisande marknadsføring eller ikkje, mannen frå Rogaland meiner at noko av skjegget hans nå har blitt permanent vekke etter behandlingane. Men framleis må han gå til klinikken for å få svidd av dei siste restane.