Hopp til innhold

– Han sa han kunne tenka seg å knusa kneskålene hennar

Nå fortel Ivar Eriksen om trugslane han meiner kona Cecilie Bjelland og sonen deira har fått frå partikollega i Arbeidarpartiet, Jone Andersen.

Cecilie Bjelland i samtale med NRK-reporter Øystein Ellingsen

BLEI MELDT TIL POLITIET: Gruppeleiar i Stavanger Arbeidarparti, Cecilie Bjelland, blei meldt til politiet av partikollega Jone Andersen. Andersen meinte Bjelland hadde spreidd falske rykte om at han hadde truga ho og familien med vald. Politiet har nå lagt vekk saka. (Arkivbilete)

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I dagens utgåve av Rogalands Avis fortel mannen til Cecilie Bjelland sin versjon av trugselsaka som kom fram i media førre veke.

Han hevdar at Jone Andersen i Ap kom med trugslar mot kona og sonen hans under ein Eagels-konsert i Stavanger i juni. Der skal han og kona ha møtt Andersen tilfeldig, og trugslane skal ha kome då Cecilie Bjelland gjekk frå mannen og Andersen ei lita stund:

Knusing av kneskåler

– Han spurte meg først om korleis det var å vera kvinnfolket i forholdet, fortel Eriksen til avisa. Etter dette hevdar han at Andersen blei meir brutal i dialogen.

– Han sa at han blei så irritert på Cecilie at han til tider kunne tenka seg å knusa kneskålene hennar, seier Eriksen.

Vidare i samtalen seier Eriksen at Andersen sa til han at sonen deira, Adreas Bjelland Eriksen, hadde eit dra-til-tryne og at han ikkje visste kva han ville gjort om han hadde møtt Bjelland Eriksen ute aleine.

Dette skal altså vera det som skjedde før Cecilie Bjelland fortalte om trugslane til sentrale medlem i partiet.

– I diskusjon med andre partimedlem valde me med omsyn til partiet, oss sjølv og Andersen å la saka gå ut av verda, seier Eriksen om kvifor dei ikkje gjorde noko med trugslane.

Nektar for trugslar

Jone Andersen

Jone Andersen i Ap seier at han nok ikkje ville meld Bjelland til politiet om han hadde fått historia til Eriksen tidlegare.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Men saka gjekk ikkje ut av verda. For då Jone Andersen fekk høyra om at han skulle ha truga Cecilie Bjelland og sonen hennar gjekk han til politiet og melde Cecilie Bjelland for æreskrenking:

Denne saka la politiet i går vekk, då dei ikkje fann ho alvorleg nok.

Ovanfor Rogalands Avis stadfestar Andersen møte med Eriksen under Eagels-konserten og at han var frekk.

– Eg er av ein type som har litt sleivete sjargong. Eg kallar kollegaer for «frøkner», og dei fleste tåler det. At eg spurte Eriksen om korleis det var å vera dama i forholdet kan vera. Men eg truga aldri med å slå kneskåler eller liknande. Det er absurd, seier Andersen til avisa.

Han hevdar vidare at han ikkje hadde meld saka til politiet om han hadde fått denne historia forklart i forkant. Men Bjelland var ikkje interessert i å snakka om saka då Andersen kontakta ho.

Eriksen sit val med å fortelja denne historia i offentlegheita skal vera grunna med frustrasjon over at ingen i partileiinga har stått opp og forsvart kona hans etter ho blei meld for æreskrenking.

Bjelland på pressekonferanse

Cecilie Bjelland med partileiar Ståle Johan Knutsen på si høgre side.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dette har skada partiet

Leiar i Stavanger Ap, Ståle Johan Knutsen, tar ikkje sjølvkritikk for måten leiinga har takla meldinga:

– Dette er ei sak mellom to partimedlem i arbeidarpartiet, ja, men det skjer i ein privat setting. Me råda Jone Andersen til å ta saka opp med Bjelland, dersom Bjelland ville tatt opp saka med oss kunne ho gjort det, seier Knutsen.

Han finn saka svært uheldig for Ap i Stavanger:

– Dette har skada partiet. Det er synd at det skal vera eit forhold mellom to partimedlem som gjer at det endar med melding til politiet, seier partileiaren.

Flere nyheter fra Rogaland