Hopp til innhold

Meir tagging i Stavanger

Politiet fortel om ein kraftig auke i talet på taggesaker i Stavanger det siste halvåret. Wenche Vasshus er fortvila etter at barnehagen ho jobbar i blei tilgrisa.

Wenche Vasshus er fortvil over tagginga på Tjensås barnehage
Foto: Helge Hundeide / NRK

Første halvår i år vert 66 tilfelle av tagging melde til politiet, og det er nesten 50 prosent meir enn i same periode i fjor.

Den nyrenoverte barnehagen Tjensås på Tjensvoll har hatt besøk av taggarar to gonger i juli. Styrar Wenche Vasshus er fortvila.

- Kvifor tagge på barna sin stad?

- Det er heilt meiningslaust. Barnehagen er ungane sin stad, og dei som taggar bør halde seg for gode til å tagge her.

To gonger i juli har ubedne gjestar vore på besøk i barnehagen, og nå er utsida på andre etasje fulle av taggingar. Vasshus forstår ikkje kvifor nokon vil tagge på barna sin stad.

- Ungane er dei mest uskuldige i verda, dei har ikkje gjort nokon noko. Eg forstår ikkje motivet for å tagge på barnehagen, seier Vasshus.

50% fleire tagge-saker

 

Håvard Høyland er leiar for ungdomsavsnittet på Stavanger politistasjon
Foto: Camilla Hatleskog / NRK

Det har vore ei kraftig auke i talet på tagge-saker som blir melde til politiet i Stavanger. Første halvår i år hadde politiet 66 slike saker, det er nesten 50 prosent fleire enn same periode i fjor. Håvard Høyland er leiar for ungdomsavsnittet på Stavanger politistasjon, og syns det er urovekkande.

- Det er urovekkande at det er ei såpass markant auke i talet på skadeverkssakar, seier han.

Politiet åleine kjem til kort

Han seier at politiet ikkje er makteslause, men at politiet åleine kjem til kort i kampen mot taggarane.

Eit bra samarbeid med både kommunen og næringslivet er viktige for å få ned talet på taggesaker, men den aller viktigaste jobben har foreldre til ungdommar i frå 12 - 13 år og oppover seier Høyland.

Blåaugde foreldre

- Eg syns foreldre til tider kan vera ein tanke blåaugde. Det er veldig synd, seier Høyland.

Stavanger byggdrift skal nå ordna opp på Tjensås barnehage. Føretaket har ein person som bruker tre dagar i veka på å fjerna tagging frå kommunale bygg. Prislappen er på nesten ein million kroner i året, og det er pengar som kunne blitt brukt til mykje betre ting meiner Vasshus.

- Det er i alle fall ikkje det me ynskjer å bruka midlane våre på, seier ho oppgitt.

 

Tjensås barnehage på Tjensvoll er eit av fleire bygg i Stavanger som taggarar har grisa til
Foto: Camilla Hatleskog / NRK