Det viser skatteoppgjeret for inntektsåret 2015 som no er klart, skriv Skatt vest i ei pressemelding.
Skatteoppgjeret viser resultatet av Skatteetaten si behandling av sjølvmeldinga. Det viser om skattytar har betalt for mykje eller for lite skatt i løpet av inntektsåret 2015.
I Rogaland får 261 371 skattytarar totalt 3,75 milliardar kroner igjen på skatten, som i snitt er 14 375 kroner.
Til samanlikning med 2014 hadde 261 751 rogalendingar pengar til gode, noko som var eit snitt på 14 369 kroner kvar.
73 324 skattytarar i Rogaland må til saman betale 2 milliardar kroner i restkatt. Dette er eit snitt på 28 195 kroner.
Marta Johanne Gjengedal i Skatt vest.
Foto: Skatt VestI 2014 fekk 72 339 skattytarar ein total restskatt på kr 1,8 milliardar, noko som var eit snitt på 25 662 kroner kvar.
Dei som får igjen på skatten i Stavanger får i snitt meir igjen enn dei som har til gode på skatten i Sandnes, og dei som må betala restskatt i Stavanger må i snitt betala meir enn dei som har restskatt i Sandnes. Forskjellane mellom Karmøy og Haugesund er mindre.
− Mykje kan endre seg i økonomien din gjennom året. Det kan slå ut på skatteoppgjeret ditt, om du får pengar att eller restskatt. Eit mest mogleg rett skattekort er viktig for å få eit mest mogleg korrekt skatteoppgjer, seier avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatt vest.
− Det er viktig å endre skattekortet viss du til dømes har skifta jobb eller endra sivilstand, legg ho til.
Fredag 14. oktober er skattelistene for 2015 tilgjengelege på skatteetaten.no.