NRK Meny
Normal

Sankar inn pengar til "Liv på Nes"

Den lokale arbeidsgruppa, som vil bruke kunst til å gjera om sentrumsområdet i bygda Nesflaten, har kome to steg nærare å få oppfylt draumen sin.

Kunsverk på Nesflaten

Taket på sentrumsbygget skal utgjere ein viktig del av den kunstneriske opprustninga av Nesflaten.

Foto: Jeppe Hein

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

– Me har akkurat fått melding om at me er tildelt 200 000 kroner til forprosjektet "Liv på Nes".

Åshild Vetrhus

Åshild Vetrhus er leiar i den lokale arbeidsgruppa, 'Liv på Nes'.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Dette fortel ein glad leiar for arbeidsgruppa på Nesflaten i Øvre Suldal, Åshild Vetrhus.

Pengane kjem frå det statlege organet Kunst i offentleg rom, KORO. Tidlegare i haust fekk dei også 100 000 kroner i prosjektstøtte frå Rogaland fylke.

Liv på Nes

Prosjektet har fått namnet "Views" og har som mål å skape spanande uterom på Nesflaten. Dette skal igjen styrke bygda sin identitet og bidra til at fleire turistar stansar opp og brukar tid og pengar i området.

Les også: Nytt kunstverk skal skape nytt liv i bygda

Hjelp frå Danmark

Den danske kunstnaren Jeppe Hein har teikna ein trekonstruksjon, som ser ut som eit fjellmassiv og som skal plasserast på taket av sentrumsbygget på Nesflaten.

– Det nye taket skal bli som eit fjell. Det skal vere råd å setje seg ned på taket og ta seg ein kopp kaffi og sjå bort på dei andre fjella i området, seier Vetrhus.

Nye kunstplaner for Nesflaten

Nede på kaien har den danske kunstnaren Jeppe Hein teikna ei særeigen fontene.

Foto: Liv på Nes

Hein har også teikna ei fontene som skal plasserast på kaien nede ved Suldalsvatnet.

Ting tar tid

Nesflaten er ei lita bygd med 240 innbyggjarar og som er utsett for fråflytting.

Det var i november 2014 at den lokale arbeidsgruppa presenterte planane sine for korleis dei skal få friska opp sentrum, og skapa optimisme for bygda.

Butikken på Nesflaten

Butikkbygget på Nesflaten, slik det ser ut i dag. Det er taket her som skal få ei heilt ny utforming.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Arbeidsgruppa hadde då alt to års arbeid bak seg. Nå har det gått nok eitt år, og nå byrjar pengane til eit forprosjekt å koma på plass.

– I tillegg har me også søkt Suldal kommune om pengar, fortel Vethrus. Kva som kjem ut av den søknaden blir klart når budsjettet for kommunen blir lagt fram om kort tid.

Del av arkitektrundtur

Kommunane Sauda og Suldal i Indre Ryfylke arbeider for å etablere ein arkitektur-rundtur.

– Det me satsar på er at dette prosjektet vil inngå der, saman med Geir Grung sitt Hydro-anlegg i Nesflaten, og Peter Zumptor sitt nye "gruvebygg" i Allmannajuvet, seier leiar i arbeidsgruppa Liv på Nes, Åshild Vetrhus.