Hopp til innhold

Meir detaljerte kart skal hindra ras og flaum

Det største landkartleggingsprosjektet i Norge skal bidra til å førebygga at det rasar i vegbana, slik det gjorde då steinar store som bilar dundra ned på riksveg 13 i Suldal i helga.

Ras på riksvei 13 ved Kilane/Vågane, Erfjord, Suldal

Riksveg 13 i Suldal, 10. mars: Tre store og fleire små steinar losna i fjellsida over Vågane, og trefte til slutt vegen. Dei største steinane var store som småbilar.

Foto: Siri Førland / Suldalsposten

Heldigvis blei ingen skadd då dei store steinane trefte riksvegen ved Vågane i Suldal kommune i Rogaland laurdag morgon.

Vegen var ny i 2012 og strekninga som blei råka av raset er ikkje planlagt sikra.

Men dersom denne vegen, eller andre rasfarlege vegar på Vestlandet, i framtida skal sikrast mot ras, kan planlegginga nå bli enklare.

Kartverket er nemleg godt i gang med laga ein ny svært detaljert høgdemodell, eller 3D-modell av landet vårt (sjå faktaboks). Dette er det største landkartleggingsprosjektetet i Norge nokon gong.

Prosjektleiar i Kartverket, Håkon Dåsnes, demonstrerte kartverktøyet for NRK på kartkonferansen Geomatikkdagene 2018, som i desse dagar blir arrangert i Stavanger.

– Det kan brukast til mange nyttige føremål. Særleg med tanke på beredskap mot flaum og ras, kor ein treng detaljerte høgdedata for å gjera detaljerte kartleggingar.

Kilane kart

Slik ser rasområdet ved Vågane i Suldal ut med kartverktøyet til Kartverket. Det finn du på nett på adressa hoydedata.no.

Foto: hoydedata.no

Laserskanning frå fly

Dåsnes peikar på at det er viktig med nøyaktige kunnskapar om terrenget for å sjå kor det er utløpsområde for skred. Når det gjeld flaum, er det viktig med høgdedata for å sjå kor vatnet vil renna og samla seg, ifølge prosjektleiaren.

For å komma i mål med prosjektet som starta i 2016, må store delar av landet laserskannast frå fly. Til saman 230.000 kvadratkilometer av Noregs 324.000 kvadratkilometer med landareal skal skannast.

Håkon Dåsnes

Prosjektleiar i Kartverket, Håkon Dåsnes.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Etter to år er nesten halvparten av jobben gjort. Målet er å vera ferdig i 2022, trass utfordringar med vêret.

– Me har eit stort land me mykje forskjellig vêr og skannar helst når det ikkje er snø på bakken. Me ønsker heller ikkje altfor mykje vegetasjon for å få mest nøyaktig høgdemodell, og det er utfordrande, seier Dåsnes.

Tatt i bruk

Dei nye kartdataene er i stor grad tatt i bruk alt nå. Blant brukarane er Stavanger kommune, som også har fått laga sine eigne kartdata.

Fagansvarleg Eirik Mannsåker i Stavanger kommune trur den nye kartmodellen blir nyttig for kommunane.

Eirik Mannsåker

Eirik Mannsåker, Stavanger kommune.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Kommunane får betre sjansar til å gjera analysar når det gjeld dei venta klimaendringane, både når det gjeld ekstremnedbør og havstigning. Det er ei god støtte for planleggarane, slik at dei kan ta betre avgjerder.

Høgde- eller 3D-modellen av landskapet vil også vera nyttig for jord- og skogbruket, ifølge Hildegunn Norheim i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

– Ein kan sjå kor vatnet vil renna på jorda med den detaljerte høgdemodellen. Saman med detaljerte jordsmonndata, kan me sjå kva slags evne jorda har til å drenera sjølv. Prosjektet blir med det viktig for beredskap og for å kunna gjera nødvendige inngrep.