Hopp til innhold

Ekspertar meiner unge bør skaffe seg framtidsfullmakt for å sikre økonomien

Ulukke eller sjukdom kan gjere deg ute av stand til å ta vare på økonomien din. Utan framtidsfullmakt må gjerne pårørande vente på inkassobreva for å få oversikt.

Advokat Sandra Dueland

DU BESTEMMER: – Heile tanken med ei framtidsfullmakt er at du skal bestemme kven som skal ta vare på dine interesser dersom du ikkje er i stand til det sjølv, seier advokat Sandra Dueland.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Det er lett å tenke at framtidsfullmakt er for eldre, men det er like relevant for unge menneske, seier advokat i Eurojuris, Sandra Dueland.

Fleire og fleire framtidsfullmakter trer i kraft, viser tal frå Statsforvaltarane.

Det finst ikkje tal på kor mange som har framtidsfullmakt, fordi det er eit dokument ein gjerne opprettar og oppbevarer sjølv.

Men advokaten opplever at det oftast er eldre som lagar framtidsfullmakt for å vareta økonomiske og personlege interesser dersom dei ikkje skulle bli i stand til å gjere det sjølv.

– Eg møter personar som skal hjelpe aldrande foreldre med framtidsfullmakt, men ungane burde jo ordne det til seg sjølv også, meiner Dueland.

Må vente på inkassokrava

– Eg veit eigentleg ikkje kva det er, men det høyrest lurt ut. Det bør eg ha, men så skal du liksom ha alle slags kontraktar, seier Kjersti Anita Heien.

Ho er midt i 40-åra, gift og har tenkt at «då er vel alt det formelle i orden».

Kjersti Anita Heien

Kjersti Anita Heien vurderer å skaffe seg framtidsfullmakt.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Jo ...

Vi har eit lovverk som skal vareta interessene våre om vi ikkje er i stand til det sjølv.

Men.

Dersom du blir utsett for ei ulukke eller ramma av akutt sjukdom som gjer at du ikkje er i stand til å ta eigne val og avgjerder, har vi ei ordning med verjemål i Noreg.

Då opprettar statsforvaltar ei verje på dine vegner. Å få verje tar gjerne fleire månader. Ulike statsforvaltarar opplyser om behandlingstider på tre månader og oppover.

Kva er ditt forhold til framtidsfullmakt?

I mellomtida gir ei unntaksbestemming i verjemålslova nærståande såkalla representasjonsrett slik at ein kan betale offentlege skattar og lån, men du får ikkje innsyn i rekningar eller e-fakturaavtalar, forklarer Trude Sem Langfeldt.

Ho er jurist i Justify og gir råd om framtidsfullmakt både til bankar og privatpersonar.

– Det betyr eigentleg at du må vente på at rekningane går til inkasso og dett ned i postkassen, for at du skal få oversikt over kva for nokre avtalar familiemedlemmen har inngått, seier ho.

Ekstra belastning i sorga

Det er meir vanleg for unge i andre land å ha framtidsfullmakt, ifølge Langfeldt.

– Eg meiner alle burde ha dette på plass, seier ho og legg til:

Trude Sem Langfeldt

Jurist i Justify Trude Sem Langfeldt.

Foto: Justify

– Ved alvorleg ulukke kan det vere mykje sorg og traume blant dei næraste. Dersom dei i tillegg skal få utfordringar med å handtere rekningane dine, betale gjeld og så vidare, kan det bli vanskelegare, meiner Langfeldt.

NRK har vore i kontakt med fleire bankar som anbefaler kundane sine å skaffe seg framtidsfullmakt.

– Vi opplever at mange pårørande fortvilar over at dei ikkje har kontotilgang dersom uventa ting skjer. Dokumentasjonskrava for å utføre banktenester for andre kan vere tidkrevjande å få på plass, og er ei ekstra belastning for mange som står i denne situasjonen utan framtidsfullmakt, seier leiar for kundeservice i Nordea Anders Granstad.

Kjersti Anita Heien skal heim og snakke om framtidsfullmakt med ektemannen.

Men først vil ho få på plass den som gjerne hastar mest:

– Mamma og pappa! Nå må vi lage framtidsfullmakt.

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre ting eg burde sjekke ut? Send meg gjerne ein epost!