Hopp til innhold

Meiner Rogaland fylke sviktar elbilistane

Elbilforeininga i Rogaland kritiserer fylkeskommunen for å ha null merksemd på elbilar i planverket sitt. Styreleiar Einar Vestad meiner fylket bommar på klimamåla.

Einar Vestad

Styreleiar i Rogaland elbilforeining meiner Hordaland har mykje betre planar for elbilar enn Rogaland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Rogaland fylkeskommune har vel eigentleg ingen planar når det gjeld elbilar, seier Einar Vestad.

Styreleiaren i Rogaland elbilforeining samanliknar med Hordaland fylkeskommune. Medan dei gir god plass til elbilar i sin gjeldande klimaplan, er ordet knapt nemnt i klimaplanen til Rogaland fylkeskommune.

– Dei har jo klimamål, men elbil er ikkje ein del av den løysinga dei har skissert. Det seier meg at dei har bomma litt, seier han.

– Fritt fram for ladepunkt

Elbil parkering lading

Talet på ladestasjonar må ikkje avgrensast av talet på parkeringsplassar, meiner elbilforeininga.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I planane til Rogaland fylkeskommune blir det lagt vekt på miljøvennlege kollektivtilbod, men Vestad meiner ein ikkje kjem bort frå privatbilismen – og at det må leggast meir til rette for elbilar.

– Fylkeskommunen kan laga reguleringsplanar som seier at det er lov å ha fleire ladepunkt enn talet på tillatne parkeringsplassar, altså fritt fram for ladepunkt i staden for å definera det som ein parkeringsplass. Det er jo gratis for fylkeskommunen, men vil drive fram ladepunkt for brukarane.

Vil lytta til elbilistane


Kjartan Lunde, leiar i Rogaland Venstre, vil læra av kritikken.

Kjartan Lunde

Kjartan Lunde i Venstre meiner fylkeskommunen må lytta til elbilforeininga.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Når elbilforeininga kjem med noko, må me sjå på det og prøva å læra av det, og gjera endå meir for å leggja til rette for elbilar, seier han.

Lunde meiner det har skjedd mykje bra for elbilane i Rogaland dei siste par åra.

– Men det kan bli endå betre, for me treng fleire elbilar, seier han.

– Er i landstoppen

Arne Bergsvåg frå Senterpartiet er leiar for samferdsleutvalet i fylket. Han påpeikar at planen til Rogaland er frå 2010, medan planen til Hordaland er frå 2014 – og at ting har forandra seg på den tida.

Arne Bergsvåg

Arne Bergsvåg frå Senterpartiet leiar samferdsleutvalet i fylket, og meiner Rogaland har eit godt tilbod til elbilistane.

Foto: Senterpartiet

– Hadde me revidert planen etter klimaforliket, er det klart den hadde inneheldt tydlegare satsingar. Men elbildelen i Rogaland er i landstoppen. Det er godt lagt til rette med elbilparkeringar med ladestasjonar ved bedrifter og offentlege bygg, så me er absolutt oppe og går når det gjeld satsing på elbil.

Open for å revidera

Han meiner likevel det kan vera grunn til å sjå på planen på nytt.

– Nå jobbar me med planprogrammet for dei neste tre åra, og det vil ikkje vera urimeleg at me ser på denne planen og.

Og Vestad i elbilforeininga er veldig klar på at ting framleis kan bli betre for dei som køyrer elektrisk i Rogaland.

– Det er enkle verkemiddel fylkeskommunen kan bruke. Dei treng ikkje nødvendigvis gjera det sjølv, men leggja til rette for at bedrifter og andre kan bruka litt pengar på infrastruktur.