Hopp til innhold

Meiner regjeringa har feil pokerfokus

Den tidlegare pokerproffen, Dag Martin Mikkelsen frå Stavanger, meiner at det er meiningslaust når regjeringa tillèt «kosepoker» heime i stovene til folk. – Det er alle pokerklubbane rundt om i landet, som burde blitt regulerte, seier han.

Dag Martin Mikkelsen

Dag Martin Mikkelsen er ferdig som proffspelar i poker. I 2009 gjorde han det svært skarpt og vann mellom anna ein pott på fem millionar i Monte Carlo.

Foto: Robert Sullivan / Lina Olofsson / Scanpix / Pokerstarblog.nu

I dag melde Vårt Land at kulturminister, Thorhild Widvey, vil tillata heimepoker med ein pott opp til fem tusen kroner i toppgevinst. Dette kjem i tillegg til at ho har lova eit ja til poker-NM på norsk jord.

For Dag Martin Mikkelsen frå Stavanger betyr dette at han snart kan kosa seg lovleg saman med venar og spela poker. For tida er det denne type pokerspeling han helst driv med, men det har ikkje alltid vore slik.

– Vil ikkje bety nokon ting

I 2009 toppa han Norges pokerrangering ved å håva inn fem millionar kroner i pokerturneringa EPT Grand Final i Monte Carlo. Han spelte pokerturneringar rundt om i heile verda, men ikkje i Norge, på grunn av forbodet.

Den tidlegare proffen er ikkje begeistra for dagens nyheit.

– Poker i private lag var allereie lovleg med avgrensa innsats, gjennom dommar frå nyare tid. Det som kjem nå er berre symbolsk og vil ikkje påverka folk sitt spel i kvardagen, seier Dag Martin Mikkelsen til NRK.no.

Han meiner fokuset til regjeringa bør liggja ein heilt annan stad.

– Det er ikkje kosepoker med venar som treng regulering, men heller å få all poker inn i kontrollerte former, seier han.

– Ingen hemmelegheit at det finst pokerklubbar

I 2009 var Mikkelsen den einaste av fire pokerproffar i Rogaland, med suksess, som var å finna på skattelistene. Han meiner at staten taper pengar på å ikkje regulera pokerspelinga som skjer utanfor stovene til folk.

– På denne måten kunne spelet som allereie skjer blitt tryggare for alle og staten hadde fått inntekter som kunne gått til samfunnsnyttige formål. 300.000 nordmenn spelar poker, eit NM i året og små private lag er berre ein del av pokeren, seier han.

Deltek du i «det spelet som allereie skjer»?

– Eg speler ikkje profesjonelt lenger, berre av og til med venar eller på nett. Men det er jo ingen hemmelegheit at det finst pokerklubbar rundt om kring i Norge. Desse er stort sett styrt av hyggelege folk, som berre vil spela poker. Men utan regulering kan ein ikkje kontrollera dette, seier han.

Vil ha poker i lovlege rammer

Widvey

Kulturminister Thorhild Widvey.

Foto: Jørgen Eide

I dag er alle former for poker forbode i Norge. Ei opning i regelverket for lovleg poker vil innebere at ei speleform som mange nordmenn allereie deltar i per i dag, kan skje innafor ordna rammer i samsvar med norsk lov, meiner kulturminister Thorhild Widvey.

– Dei siste åra er det mange nordmenn som har delteke i poker-NM i utlandet. Det er også ei betydeleg utbreiing av mindre former for vennelagspoker i private heimar. Forslaget er meint å gje folk som vil spela poker i Norge, anten i eit NM eller blant venner i mindre former, eit rettsleg grunnlag for å kunne delta utan å bryte norsk lov, og vil kunne trekke ei tydeleg grense mot ulovlege pokerarrangement. Vi meiner dette vil vera i tråd med den alminnelege rettsoppfatninga, seier kulturminister .

Ifølgje ho er ikkje forslaget motivert ut frå økonomiske omsyn. Men det er føreslått at ein del av overskotet frå poker-NM skal gå til gode formål og ikkje staten.

– Vi meiner at det bør leggast opp til ei forsiktig tilnærming til å opna for poker i Norge for å sikra ei kontrollert utvikling av eit nytt lovleg spel på den norske marknaden. Det er ikkje tatt stilling til om andre formar for poker skal tillatast i framtida, seier Widvey.