Hopp til innhold

Trur avfallsmottak kan tene over ein milliard på gjenbruk: – Enorme mengder blir kasta

Renovasjonsselskapet Ivar vil sørge for gjenbruk av 3000 tonn fullt brukbart avfall.

Bruktbu

SÅ GODT SOM NYTT: Mykje av det som kjem inn til bruktbua til Ivar er omtrent ubrukt. No vil Ivar i større grad enn før selje vidare i staden for å kasta.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Folk pussar opp og ryddar i heimane sine. Så køyrer dei rett på gjenvinningsstasjonen.

Men mykje av det som endar opp der er fullt brukbart. Det éin vil kvitte seg med, kan ein annan bruka. Og betala for.

– Det er enorme mengder som dessverre blir kasta. Det er heilt brukbare ting, seier assisterande avdelingsleiar Tord Tjelflaat i Ivar, eit interkommunalt renovasjonsselskap i Rogaland.

Tord Tjelflaat, assisterende avdelingsleder for gjenvinning i Ivar

Assisterande avdelingsleiar Tord Tjelflaat i Ivar.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Han viser fram fulle målingsspann på ti liter og uopna flasker med vaskemiddel. Det er berre noko av det som kjem inn til gjenvinningsstasjonen på Forus i Sandnes.

Prøveprosjekt vart ein suksess

I sommar hadde Ivar eit prøveprosjekt. Dei hadde allereie ei bruktbu, og nå ville dei teste om dei kunne selje også farleg avfall som måling og white-spirit.

Prøveprosjektet vart ein suksess.

– Vi selde det ut med ein gong. Eg sat igjen med ein plankebit på éin meter som ingen ville ha, seier Tjelflaat.

Kjemisk avfall på gjennvinningsstasjon

Også kjemisk avfall blir selt vidare.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

I år blir 700 tonn avfall selt i bruktbutikken i staden for å hamne i containeren. Butikken omset for 7 millionar kroner årleg.

Men det skal bli enda meir. Nå skal Ivar tilsetje avfallsreddarar på heiltid.

Målet er å sørgja for gjenbruk av over 3000 tonn avfall. Det vil ifølgje Ivar gi ei omsetjing på 30 millionar kroner, sjølv om prisane er symbolske.

– Vårt mål er ikkje å tene mykje pengar. Det vi får i overskot går tilbake til renovasjonsgebyret. Vi er opptekne av at gjenbruk gir store klimagevinstar. I tillegg bidreg vi til auka sysselsetjing, seier Tjelflaat.

Seksjonsleiar Hege Rooth Olbergsveen i Miljødirektoratet seier dei er positive til Ivars arbeid for meir gjenbruk av avfall.

– Vi er kjend med at fleire kommunar etablerer eller prøver ut ulike løysingar for å redusera avfallet. Men ingen har eksakt same løysing som Ivar, seier ho.

Hege Rooth Olbergsveen, Miljødirektoratet.

Hege Rooth Olbergsveen i Miljødirektoratet.

Foto: EU-delegasjonen

– Inntekter i milliardklassen

I Ivar har dei rekna på kor mykje avfall renovasjonsselskap rundt omkring i landet kunne redda frå containeren om dei følgde same modell som gjenvinningsstasjonen på Forus.

– 60.000 tonn avfall kunne blitt seld vidare. Og da snakkar vi inntekter i milliardklassen, seier Tjelflaat.

Han understrekar at berekningane berre gjeld for hushaldningsavfall.

– Tenk på kva som blir kasta frå offentleg sektor og næringslivet.

Tor Arne Lima og Emilie Larsen

Emilie Larsen spør Tor Arne Lima om avfallet verkeleg må kastast. – Det er veldig bra at det kan brukast på nytt. Dette hadde gått rett i containerane, seier han.

Foto: Marte Skodje / NRK

Oslo vil teste ut

I Oslo kommune meiner Renovasjons- og gjenvinningsetaten at det nye arbeidet hos Ivar er såpass spennande at dei vil vurdere om dei kan gjere noko liknande sjølv.

– Vi har allereie eit etablert tilbod i Oslo. Men dette er gratis per i dag. Nå vil også vi teste ut å selje enkelte varer til ein låg pris. Vi vil også sjå på moglegheita for å kopiera Ivars modell for farleg avfall, seier kommunikasjonsrådgjevar Jørgen Bakke Fredriksen.

Jørgen Bakke Fredriksen, Renovasjonsetaten i Oslo

Jørgen Bakke Fredriksen i Renovasjons- og gjenvinningsetaten i Oslo kommune.

Foto: Johan E. Bull / NRK

Han seier det er ei svært viktig oppgåve for kommunen å jobbe for mindre avfall. I 2019, som var førre normalår før koronaen, klarte Oslo å gjere 1800 tonn avfall til gjenbruk.

– Det er allereie eit høgt tal, men vi vil gjerne få det enda høgare, seier Fredriksen.