Hopp til innhold

Trur pandemien har gjort oss «rustne» på reise

Fleire enn før opplever at verdigjenstandar blir stole på ferie. Tre år med pandemi har gjort oss mindre forsiktige, trur forsikringsselskap.

Nina Arsheim og Grethe Kristiansen på ferietur

Nina Aarsheim og Grethe Kristiansen passar godt på bagasjen når dei skal reise frå flyplassen i Stavanger til ferie i Alicante i Spania. Forsikringsselskapet If ser ein auke i bagasjerelaterte hendingar på 38 prosent.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Veskenapping, lommetjuveri og innbrot på hotellrom. I år opplever forsikringsselskapa auka pågang frå ferieturistar som blir utsett for tjuveri på reise i utlandet.

I starten av sommaren så vi ein auke i bagasjerelaterte hendingar på 38 prosent kontra same periode i 2022. Det var ein auke av både tjuveri og tap, seier Andreas Handeland, kommunikasjonsdirektør i If, som er størst på reiseforsikring i Noreg.

I juli har tala betra seg noko, men If trur det kan vere fordi fleire tok ferie tidlegare i år. Dei trur det kan komme fleire saker i juli og vil åtvara:

Vi har ein hypotese. Nordmenn er litt naive når det gjeld å ta vare på tinga sine. Etter tre år med pandemi har vi blitt litt «rustne» på å halde eit auge med ting og passe på, seier Handeland.

Andreas Handeland, kommunikasjonsdirektør i If og Europeiske Reiseforsikring.

Kommunikasjonsdirektør i If, Andreas Handeland.

Foto: If

Fungerande kommunikasjonssjef Marius Solberg Anfinsen i Frende fortel at det har vore ein auke i talet på tjuveri som blir melde inn no samanlikna med før pandemien.

– Det er vanskeleg å seie kvifor, men mange er nok litt «rustne» etter åra utan mykje reising.

Frende har samanlikna første halvår i 2023 med første halvår i 2019, og heile 2022 med heile 2018. Dei ser ein auke på 29 prosent.

Marius Solberg Anfinsen pressekontakt i Frende

Marius Solberg Anfinsen i Frende.

Foto: Frende Forsikring

Peiker på auka fattigdom

Anfinsen meiner at det kan vere lett å tenkje at det ikkje skjer ein sjølv, men tilrår å vere påpasseleg.

Det er ikkje så lurt å halde mobilen høgt opp for å ta bilete av attraksjonar på ein stor open plass med mange menneske. Då kan han plutseleg bli nappa ut av hendene dine og tjuven vere borte i menneskemengda før du aner det.

Tryg forsikring har på si side ikkje merka fleire tjuveri i år enn før, ifølgje kommunikasjonssjef Ole Irgens.

– Men vi ser ein auke på 15 prosent så langt i år av antal saker der reisegods er skadd eller tapt. Vi antar at deler av denne auken skyldas fleire tjuveri frå nordmenn på reise.

Han peiker på prisauke og inflasjon, som gjør at fattigdommen stig i fleire europeiske land.

– Dette har nok også ført til at risikoen for å oppleva tjuveri har økt. Nordmenn er ettertrakta tjuveriobjekt fordi vi er velståande og lite flinke til å passe på tinga våre.

Er ekstra merksam på reise

Men nokon vil ikkje bli lurt.

– Eg passar ekstra på, og eg passar spesielt på under tryggingskontrollen. Folk kan stele frå dei opne kassene.

Nina Aarsheim frå Sauda sjekkar inn bagasjen ved Stavanger lufthamn. Ho seier ho er ein av dei som er ekstra merksam på reise.

På veg til Alicante gjer ho absolutt alt for å unngå å bli stole frå.

– Det har aldri skjedd meg på ferie, men mor mi har opplevd det tre gonger i Spania, seier Aarsheim.

Les også Dette bør du huske før sommerferien

Syden

Enkle råd

Reiseråda frå If er enkle og klare.

Du må først og fremst vere klar over at det ikkje er som heime over alt. Det er meir kriminalitet. Vi tilrår folk å halde eit veldig godt auge med bagasjen og merke han godt med namn, forklarer Handeland.

Nina Aarsheim fra Sauda på ferie til Alicante

Nina Aarsheim held verdisakene sine tett på kroppen når ho reiser på ferie i utlandet.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Nina Arsheim frå Sauda er sånn sett ein god forsikringskunde. Ho passar godt på.

Du ser eg held verdisakene i handa og har alt nær kroppen. Vi passar litt ekstra på når vi skal ut av Sauda, seier ho.