Meiner ho gløymde telefonen på møte – mista jobben

STAVANGER TINGRETT (NRK): Den sjukehustilsette fekk sparken etter at ho gjorde lydopptak av eit møte ho sjølv ikkje var med på. Sjølv meiner kvinna det var eit uhell. No kjempar ho for å få jobben tilbake.

Kvinne i Stavanger tingrett

I Stavanger tingrett fortalde kvinna om ein arbeidskvardag der ho følte ho måtte ta opptak for å sikre at folk ikkje spreidde løgnar om henne.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

– Kva om vi hadde snakka om private ting eller om pasientane? Dette er kritiske opplysningar som ingen skal ta opp. Vi synest dette er ekstremt ubehageleg.

Det skreiv ein av dei tilsette som varsla om hendinga i ein intern e-post. Sitatet vart måndag lagt fram i retten av Helse Stavanger sin advokat Torkel Tveit.

Kvinna som gjorde opptaket fekk i januar sparken frå Stavanger universitetssjukehus (SUS). Grunngivinga var at ho hadde gjort opptak av ein samtale der ho sjølv ikkje var til stades.

Ho kjempar no i Stavanger tingrett for jobben sin. Av omsyn til barna og familien ønsker kvinna å vere anonym.

Kvinna, som jobba i voksenpsykiatrien, meiner nemleg at alt var eit uhell. Ho skrudde på lydopptakaren på telefonen under ein samtale på personalrommet 26. desember i fjor, men gløymde telefonen då ho i all hast måtte ut på eit oppdrag i Stavanger. Og telefonen heldt fram med å ta opp det som vart sagt på personalrommet.

Det sentrale her er at kvinna tok opp ein samtale ho sjølv ikkje var ein del av. Det er ulovleg. Det er ikkje ulovleg å gjere opptak viss du sjølv deltar.

Kartla bompasseringer

SUS melde forholdet, og politiet gjorde eit grundig etterforskingsarbeid. Dei tok beslag i telefonen til kvinna og innhenta vitneforklaringar. Dei kartla òg bompasseringane til bilen som kvinna var ute på oppdrag med.

Det heile enda med at politiet la bort saka etter bevisstillinga.

Likevel stod SUS fast på at kvinna med vilje hadde sett telefonen på opptak og deretter forlate romma. Dei gav henne sparken.

Torkel Tveit

Torkel Tveit er advokat for Helse Stavanger.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Men kvifor tok kvinna opp samtalen i utgangspunktet? For å svare på det spørsmålet meiner kvinna og advokaten hennar at vi må tilbake til 2017.

Faktaundersøkinga

Den gong varsla kvinna, som også var foretakstillitsvalgt ved SUS, om at mellom anna alarmsystemet på avdelinga hennar fungerte dårleg. Ho var òg bekymra for redusert sikkerheit. Avdelinga husar nokre av dei mest krevjande pasientane i Rogaland.

Kvinna beskreiv òg eit krevjande arbeidsmiljø. Dette varselet førte til eit nytt varsel mot kvinna, som igjen enda opp i ei faktaundersøking. Det er ein slags granskingsmetode som no breier om seg i arbeidslivet.

I undersøkinga kom det fram påstandar og skuldingar frå kollegaer om at det var kvinna sjølv som hadde mykje av skulda for arbeidsmiljøet. Faktaundersøkinga vart utført av to tilsette ved SUS.

– Eg fekk psykiske og fysiske reaksjonar, sa kvinna i retten, tydeleg prega av situasjonen.

Edvard Bakke

Edvard Bakke er advokat for kvinna.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Kvinna meiner mange av påstandane i faktaundersøkinga var feilaktige, og at ho berre fokuserte på negative fakta i staden for å vere balansert og objektiv.

– Ho handla derfor ut ifrå eit mål om at ho ikkje skulle bli tatt for noko, og ein metode var å ta opp samtalar, sånn at ho ikkje i seinare tid skulle bli skulda for ting, sa LO-advokat Edvard Bakke i retten.

– Tap av tillit avgjerande

SUS, på si side, avviser at arbeidsmiljøet eller faktaundersøkinga har noko med denne rettssaka å gjere: Denne saka handlar om ulovleg opptak av samtalar.

– Det sentrale er om ho har opptredd på ein måte som gjer at tapet av tillit til henne er eintydig og vesentleg, sa Torkel Tveit, advokaten til Helse Stavanger.

Viss retten kjem til at kvinna ikkje gjorde opptaka med vilje, meiner SUS likevel at ho har opptredd så grovt aktlaust at ho må miste jobben.

Sølve Braut, som er assisterande klinikksjef ved Klinikk psykisk helsevern for vaksne på SUS, seier til NRK at han ikkje vil kommentere saka så lenge rettssaka held på.