Hopp til innhold

Meiner dette mottaket er heilt i grenseland

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H) vil ikkje ha større asylmottak og åtvarar mot mottak med plass til fleire enn 1000 personar.

Asylmottak på Forus

Det gamle Telenorbygget på Forus skal husa 1000 asylsøkarar. Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø er skeptisk til større mottak enn dette.

Foto: Magnus Stokka, NRK

– Me ønsker ikkje at mottaka som blir etablerte i kommunane, særleg Stavanger, blir for store. I dag har me eit mottak for 1000 asylsøkarar, og eg trur me skal vera veldig forsiktige med å etablera større mottak, seier Sagen Helgø.

Det gamle Telenorbygget på Forus er mellombels bustad for 1000 asylsøkarar. Storleiken er heilt i grenseland, meiner stavangerordføraren.

– Mottak for 3000 for stort

Stavangerordfører Christine Sagen Helgø (H)

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø vil ikkje ha mottak med plass til 3000 asylsøkarar i Stavanger.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

I dag er ho og ordførarkollegaer frå andre byar på dialogmøte med regjeringa i Oslo om utfordringane i flyktningsituasjonen.

– Bekymringa mi er ikkje retta mot mottaket på Forus. Det går meir på at det nå blir vurdert endå større mottak i vår region, noko me ikkje ønsker. Dette kan bli ei problemstilling dersom det kjem fleire flyktningar, seier Sagen Helgø.

– Kva er problematisk med mottak med plass til fleire enn 1000 personar?

– Det er krevjande for dei som skal bu der, det er ei stor uro for naboane og det kan også vera uoversiktleg for oss som vertskommune.

UDI har tidlegare sagt at det skal byggast brakkeleirar med plass til 3000 flyktningar og asylsøkarar i tilknyting til dei største byane i Sør-Norge.

– Mottak med plass til 3000 bli nå diskutert i Oslo. Det meiner eg blir for stort og det er noko me ikkje bør oppretta i Stavanger, seier Sagen Helgø

– Få alternativ til store mottak

Kjartan Dirdal

Utviklingsdirektør Kjartan Dirdal i Hero Norge seier det er få alternativ til store mottak.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Hero mottak er landets største driftsoperatør for asylmottak. Dei driftar om lag 60 mottak rundt om i landet. Ifølge utviklingsdirektør Kjartan Dirdal i Hero Norge er det grunn til å uroa seg over større mottak.

– Samtidig er me inne i ein såpass krevjande situasjon at alternativ ikkje er letta å finna. Me er førebudde på å bidra til store mottak, men det viktigaste for oss er å oppretta ordinære mottak. Slik kan asylsøkarane som kjem til Norge raskt gå vidare frå mellombelse innkvarteringar til mottak kor ein bur tilnærma normalt.

Kvar dag kjem det om lag 400 nye asylsøkarar til landet. Då blir det viktig at desse får eit trygt og godt butilbod mens dei ventar på svar på asylsøknadane, meiner Dirdal.

– Alle fasilitetar som er tilgjengeleg har me behov for i ulike storleikar. Men vårt hovudmål er å oppretta ordinære mottak av ein meir moderat storleik. Slik kan bebuarane bli ein del av lokalsamfunna og få opplæring, skuletilbod og aktivitetar.