Hopp til innhold

– Eg blir misbrukt av bomdemonstrantane og det gjer meg forbanna

Fleire tusen, som ikkje har meldt seg inn i bomaksjonistane si Facebook-gruppe, blir likevel omtalt som medlemmar. – Juks og fanteri, meiner Oddvar B. Høyland frå Nærbø.

Oddvar B Høyland

Då Oddvar B. Høyland blei oppmerksam på at han stod oppført som medlem i Facebook-gruppa «For vi som er imot bomringen i Sandnes og Stavanger» blei han så forbanna at han måtte ta seg ein luftetur.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Engasjementet rundt bomsaka i Rogaland har tatt heilt av den siste tida med demonstrasjonar og heftig debatt på sosiale medium.

Motstandarane er samla i Facebook-gruppa «Bomfritt Jæren – NOK er NOK» som blei starta av Sigurd Sjursen frå Sandnes.

Ei gruppe som utan tvil er stor, men som enkelte meiner at aksjonistane bles opp til å vera større enn det den er.

10.000 medlemmar i skilnad

– Det er 68.000 medlemmar, seier Sjursen. Han les opp medlemstalet som han sjølv får oppgitt frå Facebook. Eit tal han ofte blir sitert på i media.

Men ifølgje Facebook har gruppa i realiteten 56.000 medlemmar, stadfestar Camilla Nordsted i Facebooks kommunikasjonsavdeling.

Altså 10.000 medlemmar færre enn dei sjølv opplyser om.

Sigurd Sjursen

Sigurd Sjursen ante lite om at bomsaka skulle veksa seg så stor som den har gjort etter at han starta gruppa på Facebook.

Dei som er medlemmar i gruppa får nemleg opp eit medlemstal som også inkluderer dei som berre har fått invitasjon, som til dømes Oddvar B. Høyland. Han oppdaga nyleg at han var ein av dei som uvitande var ein del av bomaksjonistane sitt medlemstal.

– Eg blei så forbanna at eg måtte ta meg ein tur ut, seier mannen som ikkje støttar bomgruppa si sak.

– Det er talet som ikkje-medlemmar blir vist, som er det reelle talet, seier Camilla Nordsted.

På spørsmål om kvifor det er slik forklarer ho at Facebook-grupper har utvikla seg frå å handla om å halda kontakt med familiemedlemmar, til å nå også famna om lokale og regionale fellesskap.

– Ta kontakt med oss direkte

– Det vanlege er at ein aktivt må melda seg inn for å vera med i lag eller organisasjonar. Slik det er på Facebook nå blir eg nå misbrukt av bomdemonstrantane, seier Oddvar B. Høyland.

Sigurd Sjursen, som starta opp aksjonsgruppa liker ikkje at Høyland går til media med denne saka.

– Det er direkte dårleg av han å ikkje gi oss ein sjanse til å rydda opp her. Både han og andre som opplever det same må heller koma til oss, så skal me fjerna dei, seier Sjursen.

– Men kvifor seier du at de har 68.000 medlemmar?

– Eg oppgir det som står på Facebook-sida mi. Me veit også at aktivitetsnivået i gruppa er på langt over 60.000, så eg orkar ikkje å bruka tid på slike små nyansar, seier han.

Det er ikkje tvil om at bomengasjementet er stort i regionen, men for Oddvar B. Høyland handlar det også om prinsipp. Han meiner også at media må vera bevisste dette når Facebook-grupper stadig får ei større rolle i demokratiet.

Aksjon mot bomring i Stavanger

Bomaksjonistane er uansett mange. Her demonstrerte dei på bybrua i Stavanger 22. august.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Meir ryddig med ei Facebook-side

Der får han støtte hos medieforskar ved NTNU Jens Barland.

– Me ser at mange slike aksjonsgrupper vel metodar som gjer at gruppene står fram som større enn det dei er og då er det viktig at media som dekker saka fortel korleis dei ulike tala kjem fram.

Sigurd Sjursen har nå laga ei landsomfattande side for bommotstandarar. Han har nå gjort det annleis.

– Eg ser jo at det blir meir ryddig med ei side som folk aktivt må like, men hugs det at eg ikkje ante kva det kom til å bli då eg først starta gruppa «Bomfritt Jæren – NOK er NOK».