Meiner Birkedal bør få ni månader fengsel

Aktor Tormod Haugnes la i dag ned påstand om fengselsstraff i ankesaka mot Trond Birkedal. Han meiner den tidlegare politikaren er skuldig i seksuelt overgrep mot barn.

Statsadvokat Tormod Haugnes

Statsadvokat Tormod Haugnes fører aktoratet i ankesaka mot Trond Birkedal. I dag la han ned prosedyren sin i Gulating lagmannsrett.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Trond Birkedal på Alanya

Tidlegare ordførarkandidat for Frp i Stavanger, Trond Birkedal, er tiltalt for seksuelt overgrep av barn under 16 år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Aktor Karsten Monsen

Då saka var oppe i tingretten i februar, la aktor Karsten Monsen ned påstand om fengselsstraff for Birkedal på ni månader utan vilkår, den same påstanden som kom i dag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Han bør få ni månader fengsel utan vilkår, sa aktor, Tormod Haugnes, i slutten av prosedyren sin i retten i dag.

Med dette kjem han med same påstand som aktor gjorde i tingretten i februar.

Aktor meiner dermed at Trond Birkedal er skuldig i seksuelt overgrep av ein 15 år gamal gut på Hotel Royal Christiania i Oslo i juli for fire år sidan.

I tillegg til fengselsstraffa kom bistandsadvokat Hege Salomon med krav om erstatning til fornærma.

– Hendinga har gått sterkt innpå han. Mediefokuset på saka gjer stadige flashbacks. Han har underprestert på skulen, og er arbeidsudyktig, sa ho i retten i dag.

Ho meiner Birkedal bør betala 75.000 kroner til fornærma.

Same påstand som i tingretten

I februar var Birkedal-saka oppe i tingretten. Då blei det same forholdet vurdert, saman med fleire andre mindre alvorlege tiltalepunkt.

Den gong la aktor, Karsten Monsen, ned påstand om same straff på ni månader fengsel utan vilkår. Den endelege dommen kom på 60 dagar fengsel der 40 var på vilkår.

Frådrag av varetektsfengsel gjorde at han i realiteten ikkje måtte sona.

– Det er stort sett dei same prova som ligg til grunn når retten skal gjera vurderinga si denne gong, som sist gong, men det blir ei ny vurdering, sa Tormod Haugnes til NRK.no i ein pause i rettssaka.

Strafferamma for seksuell omgang med barn under 16 år er fengsel i opp mot seks år (straffelova paragraf 196).

Forsvarar til Trond Birkedal, Arvid Sjødin, har lagt stor vekt på at fornærma ikkje kan gjera greie for alle detaljane som skjedde julidagen i 2008.

Dette meiner statsadvokaten er mindre viktig, og at det er heilt naturleg at ein ikkje kan hugsa absolutt alt frå ein dag for så lenge sidan. Dessutan meiner han at mange av detaljane fornærma har blitt bedd om å forklara berre er bagatellar.

– Har prøvd å skapa truverd

Haugnes meiner også at Birkedal har prøvd å skapa truverd ved å tilstå snikfilming og dei mindre alvorlege forholda.

– Men han har berre innrømma forhold det finst handfaste prov for, det ein kvar oppegåande person vil forstå at han vil bli dømd for, sa Haugnes i lagmannsretten i dag.

Han meiner at Birkedal si tilståing har kome gradvis etter kvart som prova har kome fram, i motsetnad til fornærma, som han meiner har heldt på forklaringa si heile vegen.

Synte fram grove bilete i retten

Då det var Birkedal sin forsvarar, Arvid Sjødin, sin tur til å koma med sitt siste innlegg i retten, prøvde han å svekka påstandane til fornærma. Dette gjorde han med å visa til mange utsegn fornærma har kome med på sosiale nettstader.

Han meiner fornærma er ute etter merksenmd, og at det ikkje er hald i påstandane hans. Sjødin kallar fornærma for ein ekshibisjonist.

Dette neglisjerte aktor i sin prosedyre, noko som gjorde at Sjødin kom med ein generell kritikk av kor lite alvorleg påtalestyresmaktene i Norge ser på sex-sal og drøye utsegn på internett.

– Det er ikkje rart at me har lita oppklaring i slike saker i Norge, når aktoratet syner denne haldninga, sa Sjødin og synte fram fleire sex-annonser på iPaden sin til dommarane.

Han sa at han ved eit enkelt søk på nett fann fleire annonser, som tilbyr sex i området rundt Stavanger, nett nå.

Han meiner at fornærma har drive ei verksemd på nett den siste tida, som ligg tett opp til dette. Noko som derfor bør svekka truverda til forklaringa hans om overgrepet.

NRK kjem tilbake med meir...