Hopp til innhold

Fleire parti diggar denne klimaløysinga

Ordet biokol blir ofte nemnt når politiske parti snakkar om korleis me skal kutta i CO2-utsleppa. Men kva er det eigentleg?

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

NRK har gått gjennom partia sine politiske program, for å sjå korleis dei vil få til eit grønt skifte.

Eitt ord som går igjen er biokol.

Både Senterpartiet, Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Raudt er parti som nemner biokol som ein del av løysinga i programma sine.

Men kva er eigentleg biokol?

Biokol forklart

Ei kjapp spørjeundersøking på gata syner at det er få veljarar som veit.

Men nokon tar ein sjanse og tippar at det «har noko med biologisk kol å gjera». Og at det «sikkert er bra for miljøet».

Dette er langt på veg rett. Men i videoen nedanfor får du ei litt betre forklaring på kva det faktisk er.

Greia er altså at tre og planter bind CO2. Men når dei blir brotne ned så blir denne CO2-en frigjort. Ved å laga biokol av tre og plantar før dei er brotne ned, så unngår ein at mykje av denne CO2-en går opp i lufta igjen.

Det er dette ein kallar for negativt utslepp. Ein fangar opp CO2 før den når atmosfæren, og lagrar han.

Brøkdel av totalutsleppet

Tanken er at biokol skal brukast for å få meir fruktbar jord i landbruket. Og metallindustrien kan bruka det for å få ned CO2-utslepp.

Men ein er framleis heilt i startgropa.

Det første biokolanlegget som blei sett i drift i Noreg ligg i Sandnes. Her produserer dei nå om lag 100 tonn biokol i året. Planen er at dette skal aukast til 500 tonn.

Du finn liknande anlegg i Telemark og Innlandet.

Men kor mykje har dette eigentleg å seia?

Med 500 tonn biokol tar ein om lag 1500 tonn CO2 ut av lufta, og plasserer ned i jorda. Dette er ikkje all verda.

I alle fall om ein samanliknar med det årlege norske utsleppet på 50 millionar tonn CO2.

Produksjonsanlegg for biokull på Vatne i Sandnes

Biokolanlegget på Vatne i Sandnes.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Avgjerande for industrien

Likevel, miljøorganisasjonen Zero meiner at biokol er viktig. Og at politikarane bør prioritera det.

– Den største fordelen med biokol er at det kan bidra til å realisera utsleppskutt og negative utslepp i landbruk og industri. Ulempa er at det finst få økonomiske incentiver for bruk. Derfor må politikken bidra til å stimulera til at me bygg opp nye berekraftige verdikjeder, seier fagansvarleg for industri i Zero, Anne Marit Post-Melbye.

For den norske industrien meiner ho at biokol er ei avgjerande klimaløysing.

– Me har ein stor metallindustri som ikkje har andre fornybare alternativ til fossilt kol. Saman med karbonfangst og -lagring, kan biokol også bidra til negative utslepp i industrien.

Blandar ho inn i jorda

I tillegg til å binda opp CO2 blir jorda betre å dyrka i når ein blandar biokol inn, seier klimasjef i Sandnes, Arne Jørgensen.

– Spesielt i marginal og skrinn jord så får me gode resultat ved å tilføra biokol, seier Jørgensen.

Prosjektleder Arne Jørgensen i Sandnes kommune sjekkar ein sekk med biokull, produsert i kommunen

Prosjektleiar Arne Jørgensen i Sandnes kommune sjekkar ein sekk med biokol, produsert i kommunen. Biokolet blandar kommunen i komposten.

Foto: Ingvald Nordmark

Dette er også ein av grunnane til at Senterpartiet har tru på biokol. Dei vier meir plass enn noko anna parti til biokol i partiprogrammet sitt.

– Dersom me kan investera i biokol i stor skala, trur eg bønder her kan vera ganske positive, seier Lisa Marie Ness Klungland, andrekandidat i Rogaland Sp.

Biokull

Ein god neve biokol.

Foto: VEGARD LILLEÅS / NRK