Meiner bekk kjem i vegen for bussen i Stavanger sentrum
Fylkesdirektøren protesterer mot Stavanger sitt forslag om å opne opp eit bekkeløp i Klubbgata, sentralt i byen. Fylkesdirektøren meiner kommunen ikkje har forklart korleis det kan skje utan å vera til hinder for kollektivtrafikken gjennom gata. Stavanger kommune ønskjer å få Skolebekken opp i dagen igjen. Nå går den i røyr under Klubbgata.