Hopp til innhold

Medvitslaus person redda opp frå vatnet etter redningsaksjon

Eit barn vart redda opp av vatnet av surfarar i nærleiken nord for Skudeneshavn. Som følgje av redninga, skal ein person ha mista medvitet og trong hjelp frå redningshelikopter.

Redningsaksjon i Sandvehamn

Redninghelikopteret kom frå Sola for å bistå i aksjonen på Karmøy.

Foto: Bjørn Inge Vårvik / SkudenesNytt

Redninghelikopteret kom frå Sola for å bistå i aksjonen på Karmøy.

Foto: Bjørn Inge Vårvik / SkudenesNytt

Alle involverte skal vere ute av vatnet. To vert sett til av helsepersonell.

Søndag ettermiddag meldte politi og brannvesen om at eit barn hamna i vatnet utanfor Sandvehamn nord for Skudeneshavn i Rogaland.

Ifølge politiet er det er ein moglegheit for at sjøen har slått innover moloen og dratt barnet ut i vatnet. Ein voksen person skal etter det ha hoppa uti vatnet og forsøkt å redda barnet.

Molo på Sandvehavn, nord for Skudneshamn i Karmøy.

Ulykka skal ha skjedd ved moloen på Sandvehavn i Karmøy. Ein molo er noko som er bygga for å verne mot store bølger og uvêr.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det var veldig sterk straum og store bølger, seier innsatsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Fritz Arne Lilleskog, til NRK.

Surfarar i nærleiken hjalp dei to som var i vatnet med å komma opp.

Personen som først trong redning var ein gut. Barnet var medviten og blei frakta til sjukehus med ambulanse.

Etter det skal nokre av dei som dreiv redning sjølv ha hatt behov for hjelp.

Redningshelikopter var på staden og redda opp ein medvitslaus person. Personen vert frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Redningsaksjon i Sandvehamn

Bølgjer og vind gjorde redningsarbeidet på Karmøy vanskeleg.

Foto: Bjørn Inge Vårvik / SkudenesNytt

Fem personar skal ha vore i vatnet, fire som dreiv redning og ein vaksen person som var medvitslaus.

Fleire av desse skal ha vore nett dei surfarane som bidrog til redninga av barnet.

Like før klokken 13.00 meldte politiet at det var ingen fleire personar i vatnet.

Politiet prøver nå å kartleggje hendinga og å finne ut kva som skjedde.

Ulykken skal ha skjedd i sjøen utenfor moloen ved utanfor Sandvehavn nord for Skudeneshamn i Rogaland.

Ulykka skjedde på Sandvehavn i Rogaland. Politiet og Hovudredningssentralen seier at det var vanskelege forhold og stor sjø då ulykka fant stad.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Mange involverte

Hovudredningssentralen meldte klokka 13.15 om at mange var involverte i hendinga.

– Det er veldig vanskelege forhold i området med stor sjø, seier Per Hognaland, redningsleiar ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg.

Fleire personar hoppa i vatnet for å hjelpe barnet som først trong hjelp.

Deretter skal redningshelikopter frå Sola, Luftambulansen, helsepersonell, brannvesen, politi, Redningsskøyta og Røde Kors ha delteke i aksjonen.

Statusen til dei redda personane er enno ukjend.

Første meldinga om barnet som trong hjelp kom frå brannmannskap som rykka frå Skudeneshavn. Seinare trongs redningshelikopter for å hjelpe ein medvitslaus vaksen mann.