Hopp til innhold

Ut med media og dans, inn med studiespesialisering

Ramaskriket frå oljenæringa ser ut til å ha nådd fram. Nå vel fleire ungdom utdanning som næringslivet treng.

Elevar ved Hinna ungdomsskule

Desse tre elevane ved Hinna skule har nett søkt seg inn til vidaregåande skule. Dei droppar tidlegare populære fag som media og dans og drama til fordel for studiespesialisering.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Ståle Kyllingstad

Styreleiar i Norsk industri, olje og gass, Ståle Kyllingstad, er av dei som sterkt har oppfordra dei unge til å velja matnyttig utdanning. Dei nye søkartala gleder han.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kampanjane for å få ungdom til å velja utdanning som næringslivet treng, ser ut til å ha fungert.

Yrkeslinjer som gjer moglegheit for jobb i olja er populære, viser dei nye søkartala til dei vidaregåande skulane i Rogaland.

Dessutan har 400 fleire enn førre år har søkt studiespesialisering, medan linjer som musikk, dans og drama og media har en kraftig nedgang.

Auke på 18 prosent

– Me har alle tre søkt på studiespesialisering på Kongsgård, seier Mona Martinsen som går i 10. klasse på Hinna skule. Det har også veninnene hennar Anita Løvik og Julie Christiansen gjort.

Dei tre jentene er ikkje aleine i Rogaland om å ha søkt seg inn på studieretninga, som tidlegare gjekk under namnet allmennfag, altså studiespesialisering. Auken er på heile 18 prosent i forhold til i fjor.

Det har gått ut over dei meir spesialiserte linjene musikk, dans og drama, media og kommunikasjon og idrettsfag. Her har søkinga gått ned med mellom 12 og 23 prosent.

– Kanskje det er fleire som vil ha realfag enn tidlegare, og då må dei jo ta studiespesialisering, seier Julie Christiansen.

– Trøkk på ingeniørutdanning

Rådgjevar Marit Voll

Rådgjevar ved Hinna skule Marit Voll meiner det er synd at så mange vel studiespesialisering.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Og det inntrykket har også rådgjevar ved skulen, Marit Voll.

– Eg merkar det som rådgjevar at elevane nå ønskjer matematikk, seier ho.

Og det er olja som lokkar. Merksemda rundt store funn i Nordsjøen, og det store behovet for ingeniørar har gått inn hos dei unge.

– Her hos oss har det vore veldig trøkk på det som går på ingeniørutdanning, seier rådgjevaren på Hinna skule.

Også hos yrkesfaga er tendensen den same. Interessa for elektro, teknikk og industriell produksjon har auka monaleg.

– Mange er spesielt interesserte i oljebrønnlinja hos Stavanger offshore, stadfestar Voll.

Press frå næringa

Auken kjem etter det oljerelaterte næringslivet har snakka høgt og lenge om behov for arbeidskraft.

Styreleiar i Norsk industri, olje og gass, Ståle Kyllingstad, er av dei som sterkt har oppfordra unge til å velja matnyttig.

– Desse tala er svært positive. Det er positivt både for «AS Rogaland», «AS Norge» og for oss som jobbar i bransjen. Det er dette me treng, og det er tydeleg at mediefokus gjer at ungdom høyrer på det som blir diskutert og tar dei fornuftige vala, seier Kyllingstad.

Men medaljen har ei bakside. Søkinga til bygg og anlegg har gått ned med nesten 20 prosent, og helse- og sosialfag med meir enn 13 prosent.

– Begge desse treng me, og dei er svært viktige, så me håper sjølvsagt ikkje at desse går tilbake, seier Kyllingstad vidare.

– Handlar dette om pengar og status?

– Det kan henda, men eg meiner også at i den debatten som nå har vore er det få som har stått på barrikaden for bygg og anlegg, og dei sosiale faga.

Rådgjevaren på ungdomsskulen trur likevel dette handlar mest om pengar.

– Elevane veit at dei som jobbar i oljesektoren tener mykje pengar. Er du i omsorgsarbeid så er ikkje løningane så høge, seier Marit Voll.

– Mange tenker på korleis dei skal koma seg til skulen

Ho meiner heller ikkje det bare er positivt at stadig fleire vel studiespesialisering.

– Det er litt trist sidan me rådgjevarar håper og prøver å få fleire til å velja yrkesfagleg. Og det er mogleg å kombinera yrkesutdanning med høgare utdanning. Men det er dessverre fleire og fleire som vel studiespesialisering.

– Er det mange som ikkje burde velja det?

– Det er nok det. Me plar seia at det er lett å koma inn, men vanskeleg å koma ut.

Jentene på Hinna trur likevel at mange tenker i andre banar enn framtidig jobb, når dei vel skule

– Mange tenker på korleis dei skal koma seg der, derfor vel dei ein skule som ligg nærme. Kva venane skal gå på spelar også ein rolle.