Hopp til innhold

Tipset låg urørt hos Kripos. Så skal nye overgrep ha skjedd

I fire månadar låg eit tips om ein potensiell overgripar i Kripos sin innboks. Mannen jobba i ein barnehage. Nå er han tiltalt for overgrep som skal ha skjedd medan tipset låg urørt.

Seksjon for internettrelaterte overgrep i Kripos

FÅR INN MANGE TIPS: Helge Haugland er politioverbetjent ved Seksjon for internettrelaterte overgrep hos Kripos. Her fekk dei berre i fjor inn meir enn 8000 tips om internettrelaterte seksuelle overgrep.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

I slutten av juli i fjor sende National Centre for Missing and Exploited Children (NCMEC) eit tips til Kripos.

Det var ei bekymringsmelding om ein mann i 40-åra frå Rogaland.

Mannen jobba i barnehage og han hadde eigne barn. Nå hadde senteret frå USA oppdaga at han hadde delt overgrepsmateriale av barn på internett.

Men sjølv om Kripos dei siste åra har auka kapasiteten sin for å jobba med seksuelle overgrep, blei ikkje dette tipset sendt vidare til Sør-Vest politidistrikt.

Urørt i fire månadar

I fire månadar låg tipset urørt hos Kripos, før det blei behandla og sendt over til politidistriktet i slutten av november same år.

Då gjekk det berre to dagar før politiet hadde tatt mannen og starta etterforskinga mot han.

I slutten av august må den tidlegare barnehagetilsette møta i tingretten.

Han står tiltalt for fleire alvorlege punkt. Dette er noko av det han ifølgje tiltalen skal ha gjort:

  • Grov valdtekt av eigne barn.
  • Seksuell handling mot barnehagebarn.
  • Ha tatt seksualiserande bilete av barn og delt bileta på internett.

Strafferamma er 21 års fengsel.

Statsadvokat Nina Grande bekreftar ovanfor NRK at enkelte av overgrepa skal ha skjedd medan tipset låg hos Kripos.

– Ut frå forklaringa til tiltalte så har det også skjedd forhold i denne perioden, seier Grande.

Ho legg til at dette primært handlar om overgrep mot mannen sine eigne barn.

– Tiltalepunkta som handlar om seksuell handling mot barnehagebarn er vanskelegare å tidfesta, seier ho.

Nina Grande

Statsadvokat i Rogaland Nina Grande bekreftar at det skal ha skjedd overgrep mot barn medan tipset om mannen som skal ha gjennomført overgrepa låg hos Kripos.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Tiltalte sin forsvarar, Sigurd Rønningen, seier at mannen erkjenner dei faktiske forhold i tiltalen.

– Men han erkjenner ikkje straffskuld for det mest alvorlege tiltalepunktet. Det handlar om kor ein skal setja grensa mellom valdtekt og seksuell handling, seier Rønningen.

– Særs uheldig

Bistandsadvokaten til dei fornærma barna, Harald Øglænd, reagerer på at tipset låg i fire månader hos Kripos.

– Det er særs uheldig at politiet sit på info om ein potensiell overgripar, som har dagleg kontakt med barn. Eg håper dei tar tak i dette, og prioriterer det. For slik kan det ikkje vera, seier Øglænd til NRK.

Som Aftenbladet har omtalt tidlegare så beklagar Kripos at saka blei liggande.

– Informasjonen blei liggjande for lenge. Me meiner at dette er svært uheldig, seier Helge Haugland, som er politioverbetjent ved seksjon for internettrelaterte overgrep, ved senteret NC3 hos Kripos til NRK.

Men dette er ikkje det einaste tipset som har blitt liggande lenge.

I ein rapport som Riksrevisjonen gav ut i februar i år kjem det fram at mange tips om internettrelaterte seksuelle overgrep ikkje får oppfølging.

I fjor kom det inn meir enn 8000 slike tips til Kripos, meir enn 3000 av desse blei plukka ut til vidare oppfølging. Men av desse var det meir enn 40 prosent som det ikkje skjedde noko meir med, fordi Kripos ikkje hadde kapasitet.

– Me har i fleire år vore opne om at mengda av tips me mottar er stor. Gjennom metodisk utveljing prøver me å ta dei farlegaste personane først. Tips om personar me ser på som mindre farlege vil hamna lengre bak i behandlingskøen, seier Haugland.

VMUYc3y-O74

I 2015 fekk Kripos 900 tips frå mellom anna NCMEC og utanlandske politistyresmakter. I 2020 fekk dei 8192 tips. – Alle tips blir behandla, vurdert og gitt ein prioritet, seier Helge Haugland.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Ny måte å jobba på

Han legg likevel til at måten dei jobbar på er under konstant utvikling, og at dei nå handsamar tipsa på ein annan måte enn for berre kort tid sidan.

Eit vesentleg punkt er at politidistrikta tidlegare får tilgang på tipsa som kjem frå NCMEC, slik at dei kan hjelpa til.

– Dette vil auke farten på behandlinga av den stadig aukande mengda tips me mottar kvar dag, seier Haugland.

Men tipsa kan gjerne berre vera ei IP-adresse, og krev derfor eit forarbeid.

– Før tipset kan vidaresendast til distriktet der vedkomande bur, må Kripos lokalisera kven som eig IP-adressa, seier han og legg til at dei også driv med opplæring av politidistrikt, slik at dei kan vera betre rusta til å handsama denne type tips.

– Openbert særs uheldig

I saka om den barnehagetilsette frå Rogaland var det Operasjon Spiderweb hos Sør-Vest politidistrikt som i november fekk tipset og arresterte mannen.

Her er det Oddgeir Høyekvam som er leiar. Han er glad for at det har kome nye rutinar, som skal gjera at dei får tipsa tidlegare inn til seg.

– Dette betyr at me raskare kan få ei oversikt over moglege overgriparar i distriktet vårt, og at me kan aksjonera tidlegare i prioriterte saker. Det er svært positivt, seier Høyekvam.

Han forklarer også at dei har innarbeida rutinar som skal sikra vurdering og prioritering av saker der det er opplyst at mistenkte har eigne barn, tilgang på barn gjennom jobben eller historikk innan seksuelle overgrep.

– Kva tenker du om at tipset låg så lenge?

– Det er openbert særs uheldig. Overgrep kunne truleg vore unngått om Sør-Vest politidistrikt hadde fått tilgang på tipset på eit tidlegare tidspunkt, seier Høyekvam.