Medan du ventar på «Fifty Shades»

Har biblioteket ditt også lange ventelister på den husmorspornografiske boka «Fifty Shades of Grey»? Her er bøkene du kan lesa medan du ventar.

Fifty Shades of Grey Men

Den erotiske «Fifty shades»-trilogien har blitt ein publikumssuksess. Og bibliotek i Norge opplever lange ventelister på både dei engelske bøkene, og den norske oversetjinga av «Fifty Shades of Grey».

Foto: NTB Scanpix

Historien om O

Historien om O

Foto: Samina Bruket / NRK
Venus i pels

Venus i pels

Foto: Samina Bruket / NRK
Stille dager i Clichy

Stille dagar i Clichy

Foto: Samina Bruket / NRK
Mandelen

Mandelen

Foto: Samina Bruket / NRK
Lady Chatterleys elsker

Lady Chatterleys elsker

Foto: Samina Bruket / NRK
100 tak med hårbørsten før sengetid

100 tak med hårbørsten før sengetid

Foto: Samina Bruket / NRK

Pågangen på den erotiske boka «Fifty Shades of Grey» har vore så stor på mange bibliotek, at det er nødvendig å visa fram meir av det erotiske sortiment som finst på biblioteka.

Og det har fleire bibliotek i Rogaland nå gjort. På ei felles bloggeside for Sola, Stavanger, Sola, Gjesdal og Hå folkebibliotek, tilrår dei fleire erotiske klassikarar.

– Dette kan til dømes vera lesing for folk som står i kø for å få leiga «Fifty Shades of Grey», som me nå har svært lange ventelister på, seier Kjersti Torbjørnsen ved Biblioteket på Sola.

– Meir stovereint

Medan nokre oppfordrar til å brenna dei erotiske populære «Fifty Shades»-bøkene, håper ho på ein heilt annan reaksjon frå folk.

– Eg håper at det nå er meir stovereint med erotisk litteratur, og at folk derfor kan utforska det me allereie har i hyllene våre, seier Torbjørnsen.

Ho legg til at fleire kanskje dermed kan bli inspirerte til å ikkje sova med ein gong dei legg hovudet på sengeputa.

Til NRK trekk ho fram seks bøker for dei som vil ha meir erotisk lesing:

«Historien om O»

Denne boka kom ut i 1954 under pseudonymet Pauline Réage. Og på slutten av 60-talet byrja folk å bli merksame på ho.

– Likevel er denne skriven med eit relativt distansert språk, som gjer at det sadistiske innhaldet kan lesast utan å bli opprørt, seier Torbjørnsen.

Boka handlar om ein ung kvinneleg fotograf som blir tatt med til eit slott av kjærasten sin. Her ventar fleire menn, og ho blir ei seksuell lokkedokke for desse.

«Venus i pels»

Boka er skriven av Leopold von Sacher-Masochs frå Austerrike i 1870.

Historia er om ein ung mann, Severin, som forelskar seg i ei kvinne. Ho vil at han skal underkasta han, og behandla han som ein slave.

Det seksuelle omgrepet masochisme er kalla opp etter Leopold von Sacher-Masochs.

«Stille dager i Clichy»

Dette er forfattar Henry Miller sine eigne historier frå Paris.

Her er mange erotiske eventyr ein ingrediens, i tillegg til pengesorger, og rangling.

Boka kom ut i 1965.

«Mandelen»

Nedjma har skrive ei erotisk bok som utspelar seg i Midt-Austen. Her treff ein ei ung kvinne som blir gift vekk til ein eldre mann på landsbygda.

– Her blir ho kjent med den velståande legen Driss, og det oppstår eit lidenskapeleg forhold. Den seksuelt naive Badra forstår etter kvart at kroppen hennar kan bli eit instrument for den mest fantastiske nyting, og livet hennar blir snudd heilt opp ned, fortel bibliotekaren.

Torbjørnsen trur mange kvinner ville bli gladare i mennene sine om dei hadde lest denne type bøker. For nå er det flest kvinner som leiger erotisk litteratur. Noko ho meiner er synd.

Mandelen er til dømes ei bok ho meiner menn kunne hatt godt av å lesa.

– Dette er ei flott arabisk bok, og om du gjer denne til mannen din til jul er eg viss på at mykje vil forandra seg. For dette er saftige saker, seier biblotikaren.

– Ein inngangsport til mykje gøy, legg ho til.

«Lady Chatterleys elsker»

Ein klassikar frå 1928, som ikkje blei lovleg, som fullversjon i England før 1960.

Her skildrar D.H. Lawrence eit heitt forhold mellom den hovmodige industribaronen Sir Clifford Chatterleys unge kone og godsets skogvaktar Mellors.

Boka er fylt av erotiske skjeldringar.

«100 tak med hårbørsten før sengetid»

– Dette er ei nyare bok som passar veldig bra for unge jenter, og ikkje minst unge gutar, seier Torbjørnsen.

Boka kom ut i 2004 og er skriven av 27 år gamle Melissa Panarello frå Italia.

Boka er skriven som ei dagbok, og me følgjer ei fjorten år gamal jente frå å vera seksuelt uerfaren, til å bli ein driven seksuell aktør.

Erotiske bøker på Sølvberget i Stavanger

På Sølvberget i Stavanger har dei stilt ut fleire av dei erotiske bøkene sine på raud fløyel.

Foto: Sølvberget

Fleire erotiske bøker ved norske bibliotek:

  • Ramslie, Lars - Fatso
  • Ragde, Anne B. - Bunnforhold
  • Ragde, Anne B. - Nattønsket
  • Ragde, Anne B. - En kald dag i helvete
  • Ragde, Anne B. - ...før jeg komme tilbake
  • Royeen, Heleen van - Våt drøm
  • Aretino, Pietro - Kunsten å forføre
  • Belle de Jour - En callgirls intime betroelser
  • Robertsen, Hedda - Skutt i filler av Mads Mikkelsen
  • Panarello, Melissa - 100 tak med hårbørsten før sengetid
  • Sacher-Masoch, Leopold von - Venus i pels
  • Larsen, Mads - Pornopung
  • Nilssen, Olaug - Få meg på, for faen
  • Roche, Charlotte - Våtmarksområder
  • Nin, Anais - Henry og June
  • Nin, Anais - Ut av redet
  • Hjorth, Vigdis - Den første gangen
  • Hjorth, Vigdis - Fransk åpning
  • Berstad, Kristin Marie - Ynde
  • Aragon, Louis - Irenes fitte
  • Roth, Philip - Portnoys besværlig liv
  • Lawrence, D. H. - Lady Chatterleys elsker
  • Chimo - Det Lila sa
  • Duras, Marguerite - Elskeren
  • Duras, Marguerite - To erotiske fortellinger
  • Apollinaire, Guillaume - En amorøs reise
  • Nedjma - Mandelen
  • Reage, Paulie - Historien om O
  • John Cleland - Fanny Hill
  • Reyes, Alina - Slakteren
  • Flink, Jon Øystein - Sex, død og ekteskap
  • Bjørneboe, Jens - Uten en tråd
  • Vizinczey, Stephen - Hyllest tilden modne kvinne / in praise of older women
  • Bergestuen, Svein Tore - Slike menn forlater ikke konene sine
  • Mykle, Agnar - Sangen om den røde rubin
  • Nabokov, Vladimir - Lolita
  • Sade, Donatien Alphonse François - På kammerset
  • Miller, Henry - Krepsens vendekrets
  • Miller, Henry - Stille dager i clichy
  • Laclos, Choderlos de - Farlige forbindelser
  • Hough, Robert - Mabel Starks bekjennesler
  • Nummedal, Geir - Hun er der hele tiden
  • Arcan, Nelly - Hore
  • Despentes, Virgine - Knull meg
  • Poppy, Edy - Anatomi. Monotoni
  • Coelho, Paulo - Eleven minutes
  • Gibbon, Maureen - Ung og dum
  • Rice, Anne - En vampyrs bekjennelser

(Lista er laga av Mette Langeland ved Sølvberget i Stavanger)

Flere nyheter fra Rogaland