Hopp til innhold

MDG: – Det er ein myte at me er eit byparti

Nesten 40 prosent av kommunane MDG stiller valliste i har færre enn 10.000 innbyggarar. Merkelappen som byparti blir derfor feil, meiner partiet.

Une Aina Bastholm

Nasjonal talsperson for MDG, Une Bastholm, meiner partiet har ein god distriktspolitikk i dag, men at det vil ta tid å få vist den skikkeleg fram.

– Ved førre kommuneval kom dei fleste av våre 230–240 folkevalde frå distriktskommunar. Det er ein myte at me er eit byparti, seier nasjonal talsperson og stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Une Bastholm.

9 av 10 veljarar her til lands kan stemma Miljøpartiet Dei Grøne ved årets kommuneval. Ved lokalvalet i 2015 kunne berre om lag halvparten gjera det same.

Likevel bur nesten kvar tredje MDG-veljar i Oslo, ifølgje målingar gjeve att i Dagsavisen.

Arild A. Farsund

Arild A. Farsund ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– På ein måte har MDG rett i at dei er representert i store delar av landet. Likevel er det ikkje tvil om at tyngdepunktet er i Oslo. Der har dei makt, og mange av dei sentrale politikarane held til der, seier professor Arild Aurvåg Farsund ved Universitetet i Stavanger.

Vekst i distriktskommunar

Statsvitaren peiker på at representantar i kommunestyrene ofte ikkje treng så mange stemmer for å få ein plass.

– Det kan forklare kvifor såpass mange av MDG sine representantar held til i Distrikts-Noreg, seier Farsund.

– Men partiet har stått for politiske saker med stor symbolsk verdi som «urbane» – til dømes vern av rovdyr, seier han.

38 prosent av kommunane partiet stiller med valliste i har færre enn 10.000 innbyggarar. Fleire av kommunane med størst MDG-vekst sidan lokalvalet i 2015 er distriktskommunar, som Oppdal i Trøndelag og Bø i Telemark.

– Forskjellen er at den grøne politikken ser annleis ut i distrikta enn i storbyane, seier talsperson Une Bastholm.

– På kva måte?

– I storbyane er det til dømes mykje lettare å få folk over frå bil til kollektivtransport for å kutta utslepp. I distrikta er det mykje viktigare å til dømes gjera det lettare å velja elektriske bilar, seier ho.

Bastholm innrømmer likevel at det vil gå tid før MDG får vist fram distriktspolitikken ut over klima og transport. Ho trekkjer fram berekraftig landbruk, bevaring av matjord og nye grøne næringar som MDG-politikk for distriktskommunane.

Oppdal sentrum

Oppdal er blant dei ti kommunane MDG har hatt størst vekst i sidan førre kommuneval i 2015. Her frå Oppdal sentrum.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Nye lister i bygdekommunar

Miljøpartiet Dei Grøne stiller også vallister i fleire nye distriktskommunar ved årets lokalval.

Hjelmeland i Rogaland, med sine drygt 2700 innbyggarar, er ein typisk distriktskommune med landbruk og fiskeoppdrett som viktige næringar.

Her kan innbyggjarane for første gong stemma MDG i haust.

– Me er slett ikkje noko Oslo- eller byparti. Me har Oslo som eit kjempebra utstillingsvindauge for bypolitikken vår, så skal me samtidig vera eit parti for bygdene, meiner toppkandidat for MDG i Hjelmeland, Morten Hetland.

Kjøkkenhagar i skulane er ei av kampsakene til lokallaget i Hjelmeland. Målet er at elevane skal læra meir om kor maten vår kjem frå.

Morten Hetland

Kjøkkenhagar i skulane er ei av kampsakene til toppkandidaten for MDG i Hjelmeland, Morten Hetland. Han applauderer også Årdal skule som har planta epletre elevane kan hausta av.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Dette er eit godt døme på eit lokalt miljøtiltak, ifølge Hetland.

– Me kan fort bli hengt ut for å vera eit byparti som vil forby både biltrafikk og landbruk. Men det handlar om korleis ein kan ta tak i klima- og miljøproblematikken lokalt.

Kommunar med MDG-liste kommunevalet 2019

VALGKRETS

Innbygger- tall

Vang

1601

Aurland

1778

Nesna

1805

Storfjord

1856

Vardø

2110

Kåfjord

2132

Vestre Slidre

2139

Svalbard

2214

Tokke

2236

Kviteseid

2397

Grong

2400

Alvdal

2424

Samnanger

2463

Hjelmeland

2723

Fjaler

2846

Lyngen

2877

Hurdal

2903

Seljord

2959

Tingvoll

3078

Nordkapp

3239

Suldal

3849

Vaksdal

4127

Ringebu

4454

Hvaler

4540

Stranda

4587

Andøy

4902

Frøya

4962

Hitra

4977

Birkenes (fellesliste med SV)

5187

Austevoll

5189

Tynset

5605

Søndre Land

5650

Balsfjord

5653

Røros

5663

Sveio

5721

Sel

5872

Gloppen

5874

Surnadal

5978

Vadsø

6033

Tvedestrand

6086

Eidskog

6142

Gausdal

6148

Meløy

6346

Trysil

6567

Nome

6609

Gjerdrum

6704

Nordre Land

6750

Jevnaker

6777

Inderøy

6785

Hole

6833

Oppdal

6970

Sunndal

7119

Råde

7465

Rauma

7507

Løten

7615

Sør-Odal

7884

Hadsel

8042

Osterøy

8125

Skaun

8142

Rakkestad

8202

Kvam

8455

Vindafjord

8793

Lunner

9065

Sula (fellesliste med Venstre)

9131

Nærøysund

9609

Vågan

9611

Fauske

9775

Indre Fosen

10090

Sør-Varanger

10171

Ørland

10215

Volda

10363

Sortland

10401

Kragerø

10506

Ørsta

10812

Midt-Telemark

10819

Lillesand

10871

Enebakk

10945

Randaberg

10972

Tysvær

11023

Ullensvang

11294

Vestvågøy

11397

Hammerfest

11560

Sogndal

11666

Gjesdal

11866

Bømlo

11902

Strand

12638

Notodden

12664

Kvinnherad

13180

Hustadvika

13215

Nannestad

13240

Vestre-Toten

13314

Vefsn

13448

Gran

13770

Modum

13880

Malvik

13958

Bamble

14183

Østre-Toten

14888

Eigersund

14898

Verdal

14943

Senja

15025

Namsos

15281

Voss herad

15508

Frogn

15735

Melhus

16424

Aurskog-Høland

17072

Vestby

17486

Rælingen

17874

Orkland

17876

Kongsvinger

17934

Kinn

17989

Time

18699

Stord

18780

Øvre Eiker

18926

Klepp

19217

Nesodden

19287

Ås

20084

Levanger

20115

Alta

20635

Stange

20646

Elverum

21123

Nes (Akerhus)

21681

Sunnfjord

21963

Narvik

22136

Lindesnes

22905

Grimstad

23017

Nittedal

23545

Holmestrand

23938

Stjørdal

23964

Kristiansund

24300

Bjørnafjorden

24493

Steinkjer

24569

Eidsvoll

24647

Harstad

24820

Lier

25980

Rana

26230

Sola

26265

Færder

26734

Horten

27317

Kongsberg

27410

Lillehammer

27938

Alver

28997

Askøy

29071

Ringerike

30283

Gjøvik

30642

Hamar

30930

Halden

31037

Molde

31895

Ringsaker

34151

Porsgrunn

36091

Ullensaker

36576

Haugesund

37167

Øygarden

37687

Lørenskog

38670

Karmøy

42243

Indre Østfold

44035

Arendal

44645

Larvik

46801

Moss

48671

Bodø

51558

Skien

54510

Tønsberg

54981

Sarpsborg

55543

Nordre Follo

58058

Sandefjord

62615

Ålesund

65065

Tromsø

75638

Sandnes

77574

Fredrikstad

80977

Lillestrøm

83821

Asker

92828

Drammen

100302

Kristiansand

109438

Bærum

125454

Stavanger

141186

Trondheim

199595

Bergen

279792

Oslo

673469

Ekspander/minimer faktaboks

Flere nyheter fra Rogaland