MDG vil ta imot 10 000 kvoteflyktningar

Landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne har vedteke ein hasteresolusjon om at Norge må ta imot til saman 10 000 kvoteflyktningar frå Syria i 2015 og 2016.

Røysta ja til å ta imot kvoteflyktningar

Resolusjonen om å ta imot 10 000 kvoteflyktningar frå Syria fekk brei støtte på landsmøtet til MDG.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Det er ein ekstraordinær situasjon som me meiner at eit rikt land som Norge har eit stort ansvar for å bidra i. Difor er me glade for at landsmøtet var så tydeleg på at dette er ei veldig viktig sak for partiet, seier nasjonal talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne, Hilde Opoku.

Ingen røysta imot, då landsmøtet i dag vedtok ein hasteresolusjon om at Norge må ta imot 5000 kvoteflyktningar frå Syria i 2015 og 5000 i 2016.

I går vedtok også landsmøtet til KrF å ta imot 10 000 flyktningar over to år.

Tolv flyktningar per kommune

Finansieringa meiner MDG skal kome frå tillegget som Regjeringa har varsla at kommunane skal få i revidert budsjett.

Hilde Opoku på landsmøtet

Nasjonal talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne, Hilde Opoku, meiner ein må prioritere å ta imot flyktningar frå Syria.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Me meiner at når Regjeringa har annonsert at dei vil overføre meir til kommunane i revidert budsjett, så er situasjonen så prekær at me meiner at det er pengar som må brukast på busetting av flyktningar i kommunane. Det blir om lag 12 flyktningar i snitt per kommune og det meiner me at Norge har råd til, seier Opoku.

Men dette er vel pengar som kommunane treng til andre ting?

– Det er heilt klart at kommunane har andre oppgåver som også er viktige. Men det er snakk om prioriteringar, og dette handlar om å redde liv. Og me meiner at me må ta dette løftet i Norge, seier Opoku.

Ein milliard meir til naudhjelp

Men partiet vil ikkje berre hente flyktningar til Norge. I den same resolusjonen vedtok partiet at Norge også må auke naudhjelpa til nærområda rundt Syria med ein milliard, i revidert budsjett. Då vil den samla naudhjelpa frå Norge i 2015 bli på om lag 1,5 millarder kroner.