Hopp til innhold

MDG vil ikkje fjerne p-plassar i Stavanger

STAVANGER (NRK): I andre storbyar fjernar MDG parkeringsplassar i hopetal. Det lovar MDG-topp i Stavanger, Rune Askeland, at ikkje skal skje i oljebyen.

Rune Askeland på Holmealmenningen i Stavanger sentrum, som pr februar 2020 framstår som ein parkeringsplass.

Den sentrale MDG-politikaren i Stavanger, Rune Askeland, ønskjer ikkje å fjerna parkeringsplassar i sentrum, nå.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Oslo fjerna eit politisk fleirtal med MDG i spissen, 767 kommunale parkeringsplassar i sentrum i 2018. I 2019 har dei fjerna minst 4000.

I Bergen har MDG planar om å fjerna fleire tusen.

Men i Stavanger, har ikkje MDG slike planar, ifølge nummer to på vallista, Rune Askeland.

– Nei, me skal ikkje innføra ei radikal omlegging og ta vekk massevis av p-plassar, seier han.

Det forstår ikkje partiet Venstre, noko særleg av.

Forklaringa må vera at MDG i Stavanger ikkje har fått gjennomslag i samarbeidet med Folkeaksjonen mot bompengar, Raudt, SV, Ap og Senterpartiet, meiner Venstre sin gruppeleiar, Jan Erik Søndeland.

Jan Erik Søndeland

Jan Erik Søndeland er gruppeleiar for Venstre i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dette er heilt nye tonar frå MDG. Det må vera den nye koalisjonen som snakkar og ikkje partiet slik eg kjenner det, seier han.

MDG er ikkje lengre åleine

I valkampen hausten 2019, snakka MDG i Stavanger mykje om at byen skulle bli grønare, dersom partiet kom i posisjon.

– Det vil bli meir fokus på menneske. Og det blir meir fokus på klima og miljø, sjølvsagt, sa førstekandidaten Daria Maria Johnsen.

Holmealmenningen i Stavanger sentrum, der parkerte bilar tar opp størstedelen av plassen

Parkerte bilar tar opp ein stor del av plassen på Holmealmenningen i sentrum av Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Men etter at partiet har fått styringsansvar har tonen blitt annleis, i alle fall når det handlar om å fjerne parkeringsplassar frå byromma.

– Det er ikkje slik at me går rundt og set eit stort raudt kryss over alle parkeringsplassar, på ingen måte, lovar leiar i utval for Miljø og utbygging, Rune Askeland.

Fleire grøne byrom

Stavanger kommune skal ruste opp mange byrom i sentrum, for å gjera byen trivelegare å vera i.

Claus Petersen er prosjektleiar for byromsplanen i Stavanger. Han arbeider i Stavanger kommune.

Claus Petersen er prosjektleiar i Stavanger kommune for den nye byromsstrategien.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Byromsplanen tar sikte på å gjera byromma grønare, slik at dei får meir preg av park eller leikeplassar, seier prosjektleiar Claus Petersen i Stavanger kommune.

Han meiner at attraktive byrom gir attraktive byar, noko som er viktig for både turistar, kundar på shopping og for dei som bur i sentrum.

Peikar på Oslo

Rune Askeland i MDG meiner den nye koalisjonen likevel gjer sitt for å få eit meir miljøvenleg sentrum i Stavanger.

– Det er tatt grep i Oslo, og kanskje meir radikale grep enn her, men me er også på veg, blant anna ved å gjera fleire bygater om til gågater, seier Askeland.

Det gjer lite inntrykk på Venstre sin gruppeleiar, som tenkjer tilbake på kva MDG sa i valkampen, før dei gjekk inn i styringssamarbeidet med blant andre Folkeaksjonen mot bompengar.

– Viss me kan få nokre grøne område i byen, på kostnad av parkeringsplassar, så må det vera ein god, grøn politikk, seier Søndeland.